Hopp til innhold

Vart ekskludert frå Jehovas vitner for seksuell umoral - Går rettens veg for å få kome tilbake

Tidlegare medlem i Jehovas vitner meiner ho har blitt utsett for eit seksuelt overgrep. Jehovas vitner meiner ho har gjort seg skuldig i grov seksuell umoral. I dag møtes partane i Borgarting lagmannsrett.

Gry Helene Nygård

Gry Nygård mista kontakten med venner og familie etter ho ble eksludert fra Jehovas vitner,

Foto: Ole Jørgen F. Kolstadbråten / NRK

I 2018 vart Gry Nygård utstøytt frå Ski menighet av Jehovas vitner. I tre år har ho kjempa for å kome tilbake til trussamfunnet.

– Eg er klar for å fortsetje kampen, men for meg er ikkje dette ein kamp for å vinne. Dette er ein kamp for å finne ei løysing, seier Nygård til NRK.

Nygård hadde heile sitt sosiale nettverk i Jehovas vitner. Ho mista kontakten med alle, i tillegg til sine to vaksne søner.

Ho fortel NRK at det er mykje som står på spel, men at ho går med fornya styrke inn i denne runden.

– Eg håper fornufta sigrar og at retten vel ei løysing som speglar av mine rettar, seier ho.

Alvorleg synd

Hendinga som endra livet hennar starta med ein middag med ein ven frå trussamfunnet. Etter maten gjekk dei til mannens hotellrom. Nygård har ME og blir fort sliten. Ho fortel at ho la seg på senga for å kvile, og vakna av at mannen hadde oralsex med henne.

Ho var separert på dette tidspunktet.

Nygård følgde prosedyren til Jehovas vitner og melde frå om hendinga til leiarane i trussamfunnet.

Ho vart kalla inn til eit domsutval. Dette er Jehovas vitner sitt eige rettssystem, der tre menn stilte detaljerte spørsmål om kva som hadde skjedd på hotellrommet. Dei spurte blant anna om ho kjende seg valdteken, noko Nygård då skal ha nekta for.

Domsutvalet konkluderte med at ho var skuldig i seksuell umoral, noko som blir sett på som alvorleg synd og kan føre til eksklusjon.

Gry Helene Nygård

Gry Nygård opplevde sjølv at ho var uskuldig. I ettertid meiner ho at det var eit seksuelt overgrep, men ho melde det ikkje til politiet.

Foto: Ole Jørgen F. Kolstadbråten / NRK

Ville tilbake

Medlemar i Jehovas vitner blir oppfordra til å halde seg unna ekskluderte trusfeller. Fylgjande bibelvers blir lagt til grunn:

... dere skal slutte med å omgås enhver som kalles en bror, og som likevel praktiserer seksuell umoral eller er grådig, tilber avguder, håner andre, er en dranker eller presser andre for penger. Dere skal ikke engang spise sammen med et slikt menneske.

1. Korinterbrev kap. 5:11

Trua var intakt, ho hadde vore medlem i 31 år og ynskte seg tilbake til trussamfunnet. Men alle forsøk på å kome tilbake vart avvist. I fylgje Jehovas vitner viste ho ikkje ekte anger.

Til slutt tok Nygård saka til forliksrådet. Der fekk ho medhald, men Jehovas vitner valde å anke til tingretten.

I dokumentarserien «Guds utvalde» fekk Brennpunkt vere til stades under rettssaka i Follo tingrett. For første gong fekk offentlegheita innsikt i Jehovas vitner sin interne rettspraksis.

Gry Helene Nygård i retten

Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.

I strid med alminneleg moral

Jehovas vitner vann saka i tingretten. I dommen står det blant anna at «retten kan ikke overprøve de avgjørelsene som det religiøse samfunnet har tatt, noe som vil kreve en vurdering av et religiøst spørsmål».

Nygård anka dommen til lagmannsretten.

Advokat Håkon Mathias Sterling Danielsen, representerer Gry Nygård. Han seier til NRK at dei ikkje ynskjer at domstolen skal vurdere trusspørsmålet, men sjå på saksbehandlinga til Jehovas vitner.

– Eit anna prinsipielt spørsmål ved denne saka er kor vidt eit vedtak som i realiteten byggjer på at ein person har blitt valdteken, skal bli ståande. Det strid mot den alminnelege moralen i samfunnet vårt, seier Danielsen.

Hånd på bibelen

I retten vitna fleire av medlemane i domsutvalet. Dei meinte at Nygård i møte med domsutvalet, hadde bekjent at ho hadde gjort seg skuldig i grov seksuell umoral.

Foto: NRK

Ikkje overgrep, en alvorlig seksuell synd

I ein kommentar til NRK skriv Jehovas vitner at ekskluderte personar som viser at dei har eit oppriktig ynskje om å leve etter Bibelens normer, alltid er velkomne til å bli Jehovas vitner igjen. Utover det syns dei ikkje det er passande å uttale seg om rettssaka.

I sitt anketilsvar til lagmannsretten skriv dei blant anna:

«Nygårds eksklusjon er ikke begrunnet ut fra overgrep, men begrunnet i handlinger som omfattes av det religiøse begrepet «porneia» som innebærer at Nygård, etter domsutvalgets vurdering, har begått en alvorlig seksuell synd.»

No er det opp til lagmannsretten å avgjere om Nygård får kome tilbake i trussamfunnet ho gjekk inn i som 16-åring.

Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.

Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.