Kan ein domstol tvinge eit trussamfunn å ta inn medlemer dei ikkje ynskjer å ha?
5. og 6. april skal Høgsterett vurdere om Jehovas vitne sin eksklusjon av Gry Nygård var gyldig. Avgjerdsla er venta om 3-4 veker.



Historia om Nygård vart kjend i Brennpunkt-serien «Guds utvalde». Jehovas vitne ekskluderte henne for grov, seksuell umoral. Ho meinte sjølv ho var utsett for eit seksuelt overgrep.
Mista kontakt med barna
I snart fire år har Nygård slåst for å kome tilbake til Jehovas vitne, trussamfunnet ho har vore medlem av i 31 år.
– Den største frykta er at eg aldri meir skal få sjå barna mine igjen, seier Gry Nygård til NRK i forkant av saka i Høgsterett.
For å kome tilbake til Jehovas vitne må Gry Nygård vise «ekte anger», men ho opplever sjølv at ho er uskuldig.
Foto: Svend Even Hærra / NRKFamilie og vener i trussamfunnet tok avstand frå henne då det vart offentleggjort at ho vart ekskludert.
Ho mista kontakten med heile sitt sosiale nettverk. Inkludert dei to sønene og hennar eiga mor. Bakgrunnen er Jehovas vitne si eksklusjonsordning, basert på deira tolking av Bibelen.
Først tapte Nygård i tingretten. Så fekk ho medhald i lagmannsretten. Dei meinte trussamfunnet hadde brote sitt eige regelverk og ekskludert Nygård på feil grunnlag.
Domstol versus Bibelen
Jehovas vitne på si side meinte retten greip inn i trusfridomen. Dei anka dommen til Høgsterett.
– Sakas kjerne i Høgsterett er om ein domstol kan avgjere kven som oppfyller dei Bibelske kvalifikasjonane til å vere eit Jehovas vitne, skriv talsperson Fabian Fond.
Han meiner dommen grip inn i retten til religion- og tankefridom og er i strid med den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Talsperson i Jehovas vitne, Fabian Fond
Foto: Jehovas vitnerFryktar sharia-domstolar
– Prinsipielt gjeld denne Høgsterett-saka om domstolane kan setje til side eit eksklusjonsvedtak i eit religiøst trussamfunn eller ei, seier Per Danielsen, som representerer ekskluderte Nygård i Høgsterett.
Han meiner domstolane må kunne gripe inn i saker der enkeltmenneske blir utsett for overgrep i religionens namn.
– Elles får ein område i samfunnet underkasta sharia-domstolar. Her kan ikkje samfunnet bruke domstolane til å gripe inn mot overgrep mot enkeltmenneske, seier Danielsen.
Han fryktar at trussamfunn vil bli fri til å gjere kva dei vil i religionens namn.
Nygårds advokat, Per Danielsen
Foto: Carina JohansenUnik sak
– Dette er ei heilt unik sak i det norske rettssystemet, seier professor i rettsvitskap ved UiO, Vibeke Blaker Strand.
Ifølge professoren er det unike i saka at Høgsterett skal teste kva slags rolle domstolen kan ha overfor eit trussamfunn som lever på sida av majoriteten.
– Religionsfridomen står sterkt. Her skal Høgsterett teste grensene for at domstolane overprøver interne retningsliner i trussamfunn, seier Blaker Strand.
Ho meiner det at saka har gått heilt til Høgsterett er med på å synleggjere at trussamfunn er underlagt same lover og reglar som eksisterer elles i samfunnet.
Professor i rettsvitskap ved UiO, Vibeke Blaker Strand, er spent på korleis Høgsterett vil dømme i denne spesielle saka.
Foto: UiODomstolane skal ikkje blande seg
I lagmannsretten viste Jehovas vitne til religionsfridomen i Noreg og retten til å danne autonome, religiøse samfunn.
Dei meinte desse samfunna har full råderett over religiøse spørsmål knytte til verksemda.
Desse spørsmåla skal ikkje domstolane blande seg inn i, i fylgje Jehovas vitne.
Opnar for misbruk
Dette var lagmannsretten ueinig i. I dommen står det:
«Det kan ikkje vere slik at ei kvar side av eit vedtak som tek opp trusspørsmål, er unndratt domstolsprøving. Det vil opne for misbruk under dekke av at det er tale om trusutøving.»
Lagmannsretten konkluderte også med at det vil vere støytande for rettskjensla at nokon blir ekskludert frå eit trussamfunn på bakgrunn av noko som kanskje var ei valdtekt, eller ei uynskt seksuell handling, som gjekk føre seg mens ein sov.
Medlemar i Jehovas vitne blir oppfordra til å halde seg unna ekskluderte trusfeller. Bibelverset 1. Korintarbrev 5:11 blir lagt til grunn.
Foto: Svend Even Hærra / NRKVil tilbake
I dokumentarserien «Guds utvalde» fortalde Nygård om sine forsøk på å bli tatt inn igjen gjennom Jehovas vitne sitt eige rettssystem. Utan hell.
Ho starta med å ta saka til forliksrådet. Der fekk ho medhald. Jehovas vitne anka til tingretten. No har saka enda i Høgsterett.
Nygård fortel at ho framleis ynskjer seg tilbake.
– Eg vil ha tilbake medlemsskapet, slik at eg sjølv kan velje å vere medlem eller ikkje, seier Nygård.
God stad å vere
– Trua mi er den same som før. Eg opplever trussamfunnet som ein god stad å vere. Det er ikkje heile organisasjonen som er roten, held ho fram.
Ho legg til at ho ikkje vil tilbake til Ski menighet.
– Eg vil ikkje vere nær dei som har skada meg.
Dokumentarfilmen vart brukt som bevismateriale i lagmannsretten.
Mista statsstøtta
Det var eksklusjonsordninga i trussamfunnet som var bakgrunnen for at Jehovas vitne mista statsstøtta tidlegare i år.
Statsforvalteren vurderer no også om trussamfunnet skal miste si registrering som trussamfunn i Noreg.
Fabian Fond i Jehovas vitne uttalte tidlegare til NRK at dei anker denne slutninga.
Høyr Grys historie i podkasten «Oppdatert»