Hopp til innhold

– Føraren sakka ikkje farta, han køyrde berre over ho

– Aktivistar utanfrå har oppnådd mykje, men nokre har eit litt umodent syn på konflikta, seier Midtausten-forskar. For ti år sidan døydde amerikanske Rachel Corrie i Gaza.

Rachel Corrie vart overkøyrd av ein israelsk bulldosar då ho demonstrerte på Gaza-stripa i 2003.

Palestina-aktivisten Rachel Corrie døydde for ti år sidan

16. mars 2003: Ei amerikansk jente frå Olympia, Washington, er på Gaza-stripa. Ho gjer meir enn å bere Palestina-skjerf rundt halsen, sjølv om ho gjer det òg.

Det er få dagar før USA går inn i Irak. Rachel Corrie er ein av åtte aktivistar som står mellom israelske pansra bulldosarar og palestinske hus nær byen Rafah i Gaza. Ho står føre huset til Samir Nasrallah.

23-åringen har vore i Gaza under to månadar. Denne dagen vert hennar siste saman med dei andre demonstrantane frå organisasjonen International Solidarity Movement (ISM).

Rachel Corrie og medaktivistar

Amerikanske Rachel Corrie (lengst til venstre) reiste i 2003 med organisasjonen International Solidarity Movement (ISM) til Gaza for å hindre rivinga av palestinske bustadar.

Foto: LORENZO SCARAGGI / AP

– Føraren kan ikkje ha unngått å sjå ho. Ho stod på ein jordhaug. Rachel sklei ned. Det såg ut til at foten hennar sat fast. Føraren sakka ikkje farta, han køyrde berre over ho. Så sette han bulldozaren i revers og køyrde over ho igjen, fortalde augevitnet Richard Purssell.

Ho vert køyrd til Al-Najar Hospital i Rafah, der ho vert erklært død.

Rachel Corrie døydde, men namnet hennar lev vidare. I ettertid har e-postane og dagbøkene hennar vorte utgjevne. Ho har vore inspirasjonen for songar, dikt og teater. Ho fekk i fjor LennonOno-fredsprisen post mortem. I tillegg har skipet MV «Rachel Corrie» fortsatt å arbeide for palestinarane i Gaza.

MIDEAST

Dette biletet av to aktivistar foran ein israelsk bulldosar er teken i Rafah i Gaza berre to dagar etter Rachel Corrie døydde.

Foto: STR / REUTERS

Kritisk til interngranskinga

Israels dåverande statsminister, Ariel Sharon, lova ei grundig og transparent gransking av Rachel Corrie sitt dødsfall.

Cindy og Craig Corrie har kritisert den interne granskinga gjort av den israelske hæren etter dottera sin død. Dei konkluderte då med at verken føraren eller det israelske militæret kunne klandrast.

Ekteparet Corrie gjekk i 2010 til sak mot den israelske hæren og bulldosarføraren. I dommen frå 2012 konkluderte den israelske dommaren med at Rachel Corrie hadde vore uaktsom og sjølv var skuld i sin eigen død.

LES: Frikjenner israelsk militær for aktivist-død

PALESTINIANS-ISRAEL/

Craig og Cindy Corrie fekk ikkje medhald i at dottera deira vart drepen med overlegg i den israelske domsstolen i HAifa.

Foto: ABED OMAR QUSINI / REUTERS

Nokre umodne aktivistar

Midtaustenforskar Jacob Høigilt er i desse dagar i gang med eit prosjekt om unge palestinske politiske aktivistar.

– Palestinarar eg snakkar med her set sjølvsagd pris på at folk utanfrå bryr seg, men nokre gonger høyrer eg òg at dei er frustrerte over at enkelte aktivistar har eit lite modent syn på konflikta og ter seg ganske tåpeleg i møte med israelske soldatar, seier Høigilt.

Midtausten-forskaren meiner det er ein fare for at utanforståande aktivistar tek over eigarskapet av kampen mot okkupasjonen, men at det ikkje har skjedd i Palestina. Han dreg fram skipskonvoiane som eit eksempel på samarbeid mellom palestinarar i Gaza og på Vestbreidda og dei internasjonale aktivistane.

IKKE BRUK Jacob Høigilt

Midtausten-forskar Jacob Høigilt meiner at aktivistane bidreg til å forme opinionen i heimlandet.

Foto: FAFO

– I det store og heile trur eg internasjonal aktivisme har hatt ei konstruktiv rolle, sett frå eit palestinsk synspunkt, seier Høigilt.

Ifølgje Høigilt har dei utanforståande aktivistane truleg hatt mykje å seie for opninionen i deira eigne heimland, når det gjeld Israel-Palestina-konflikta.

Høigilt peikar mellom anna på den norske aktivisten Espen Goeffeng, som skreiv boka: «Dødelig farvann; øyenvitne til Israels angrep», om den gongen skipskonvoien «Frihetsflåten» vart teken med makt då dei freista å trosse blokaden av Gaza.

Sjøvegen til Gaza

31. mai 2010: Dei seks andre skipa i «Frihetsflåten» har lagt i veg mot Gaza utan MV «Rachel Corrie»,ho ligg i hamn på Malta. Det er mørkt når dei fyrste israelske soldatane frå «Operasjon sjøbris» køyrer opp på sida av det tyrkiske skipet «Mavi Marmara». Dei skyt med gummikuler og sjokkgranatar. Då dei ikkje klarar å borde frå sjøen kjem det helikopter. Dei firar israelske soldatar ned. Dei fyrste soldatane vert banka opp og frakta tre etasjar ned. Dette fortel den norske aktivisten Espen Goffeng.

– Då var det våre eigne som braut våre reglar om ikkje-vald. Etter dette starta dei med ekte ammunisjon, fortel Goffeng.

Dei israelske styrkane tok kontroll over skipet. Nyheitsmeldingane går ut på at mange er drepne, etter kvart får verda vete at ni tyrkerar har måtte bøte med livet.

Same dag, trass varslar, legg «Rachel Corrie» frå kai på Malta, med retning Gaza. Heller ikkje ho når målet, men vert borda av israelske soldatar. Denne gongen går det fredlegare føre seg.

– Eg har ikkje hatt nokre traumer i ettertid. Ein gong har eg grete, det var då me synte film frå bordinga eitt år etter, fortel Goffeng.

MV Rachel Corrie

Det irskregistrerte skipet som seilte i «Frihetsflåten» er kalla opp etter Rachel Corrie.

Foto: Freegaza.org / Afp

Sjå Brennpunkt spesial: Gaza-blokaden

LES: Har tatt kontroll over «Rachel Corrie»

Ikkje alle er eigna

Espen Goffeng på pressekonferansen etter hjemkomsten fra Israel.

Espen Goffeng har ikkje traumer i etterkant av den dramatiske bordinga i 2010.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Aktivisten Espen Goffeng seier at Rachel Corrie er ei av hendingane som gjorde han engasjert i konflikta mellom Israel og Palestina.

Goffeng har sjølv vore med å velje ut deltakarar til hjelpekonvoiar til Gaza. Då har dei sett etter folk som ikkje er for unge eller for radikale, som har god sjølvkontroll, ei realistisk verdsforståing og har vore involvert i arbeidet ei stund.

– Me er ikkje psykologar og ein kan aldri vere hundre prosent sikre på korleis folk reagerer, seier Goffeng, som sjølv innsåg alvoret då han hadde krigsforsikringa i handa.

Rådar til å halde seg i bakgrunnen

Leiar i Palestinakomiteen Annicken Lundgård oppfordrar ikkje sine solidaritetsarbeidarar til å stå fremst i demonstrasjonar når dei er i Palestina, men å halde seg trygt i bakgrunnen for å heller rapportere frå hendingane.

– Om enkeltpersonar vil reise ned for å stå fremst på barrikadane, må dei sjølvsagt gjere det, men då er det viktig at ein demonstrerer på palestinarane sine premisser, seier Lundård.

Lundgård meiner at demonstrasjonane er ei viktig form for sivil aktivisme, som syner sympati og støtte og at det er eit av dei viktigaste verkemidla palestinarane har for å verte høyrd.

Ho peikar på at små aksjonar kan få stor merksemd, og at sjølv om tilfellet med Rachel Corrie fekk eit ekstremt utfall, lukkast ho i å setje søkjelyset på ein uhaldbar situasjon for dei palestinske busetjarane på Gaza-stripa.