AV: Geir Rommetveit
- Vi kan ikke kalle de svikere heller, men det er noe vi i fagforeningen ikke liker,” seier bryggeriarbeidar Rolf Larsen til NRK Brennpunkt.
Mister kompetanse

Nåverande klubbleiar, Jarle Wilhelmsen, seier at det at så mange klubbleiarar har gått frå fagforeninga og gått over på motsett side, har ført til at klubben har mista mykje kompetanse. - Når de har fått den utdannelsen LO kan gi dem, så forsvinner de over. Når de har kommet over på andre siden, strammer de inn – og fjerner - avtaler og sosiale goder de selv har vært med på å fremforhandle da de var klubbledere, seier Wilhelmsen.
Siste månaden har dei to partane møtt kvarandre i lagmannsretten…på kvar si side der også. Personaldirektøren, tidlegare klubbleiar, har sagt opp 8 bryggeriarbeidarar fordi dei var mistenkte for å ha stole øl frå arbeidsplassen. I retten anka dei oppseiingane frå sin tidlegare klubbleiar.
Umoralsk overgang

Eystein Gaare er LO-sekretær for Norsk Nærings og Nytelsesmiddelarbeiderforbund. Han har sjølv fått tilbod frå Orkla om å bli personaldirektør der, men har takka blankt nei. Han meiner det vil vera umoralsk å gå frå sentralt tillitsverv i ei bedrift og rett over på andre sida. For då kjenner ein til det interne tillitsmannssystemet med dei haldningar og strategiar som ligg der. Med all den kunnskapen frå fagforeninga er det betenkeleg å skifta beite og så plutseleg marknadsføra motpartens strategiar. Eystein Gaare vart frista av fin bil, høg løn og gratis økonomiutdanning. Men han takka altså nei. Ved Hansa Borg i Bergen har altså 4 av dei 6 siste klubbleiarane takka ja til tilbodet om å gå over til mortparten, og fagforeninga føler dei har tapt mykje kompetanse og makt.