Avdelingsleiar Dag Jacobsen på akuttmedisinsk avdeling på OUS
Foto: Simon Solheim / NRK

Privatliv på vent

Sjefen for landets største akuttmedisinske avdeling har flytta ned i kjellaren heime og held to meters avstand til kona. Alt for å halde seg frisk.

Dei står i frontlinja. Dei jobbar dag og natt. Og dei eksponerer seg for smitte. Dei får gjort lite på heimekontor.

– Vi førebur oss på å ta imot fleire pasientar, men førebels har vi god kontroll, seier Dag Jacobsen.

Avdelingsleiaren for den akuttmedisinske avdelinga på Oslo universitetssykehus (OUS) møter NRK på utsida av akuttmottaket på Ullevål. «Stopp her», står det på skiltet. Alle pasientar, også dei mest alvorleg sjuke, må kontrollerast utandørs før dei får sleppe inn.

Akuttmottaket på OUS. Ullevål. Korona.
Foto: Simon Solheim / NRK

Dag Jacobsen har ansvar for landets største medisinske intensivavdeling. Han kjem rett frå eit leiarmøte når vi møter han torsdag ettermiddag. Det har gått ei veke sidan regjeringa innførte dei strengaste tiltaka etter krigen:

1499
dagar
12
timar
31
minuttar
58
sekundar

Nyleg var det fire akuttinnleggingar samtidig. No skal akuttmottaket utvidast med fem nye «smitterom». 7 av 10 av dei som kjem hit blir behandla som om dei var koronasmitta. Dei gjer alt dei kan for å unngå at smitten skal spreie seg på sjukehuset.

Ung vaksen i respirator

Det siste døgnet har det kome inn to yngre pasientar, og den eine er innlagt på sjukehusets intensivavdeling og ligg i respirator.

Jacobsen kan ikkje gå i detaljar grunna teieplikt, men pasienten er ein av dei som har testa positiv for covid-19.

Avdelingsleiar Dag Jacobsen på akuttmedisinsk avdeling på OUS

– Unge, friske menneske blir også sjuke. Det har vi sagt heile tida. Men dei fleste som blir alvorleg sjuke av koronaviruset er eldre som også gjerne har andre grunnsjukdommar, seier Jacobsen og legg til:

– Dei unge som blir sjuke har rett og slett uflaks, eller bad luck, som vi kallar det. Slik sjukdom kan råke oss alle. Dette gjeld ikkje berre koronapasientane, men det gjeld for alle pasientar vi behandlar i vår intensivavdeling.

Dei fleste får berre lette symptom på koronaviruset, men dei som blir alvorleg sjuke, blir det fordi dei utviklar alvorleg lungebetennelse og lungesvikt.

– Dersom heile befolkninga er flinke til å vaske hendene, overhalde karantenereglane og følgje dei råda som blir gitt, vil dette gå bra, seier han.

Vi får rapportar om at det framleis er nokre som ikkje bryr seg. Det er folk som går på tur rundt Østensjøvannet og Sognsvann i klynger.

Dag Jacobsen
Avdelingsleiar Dag Jacobsen på akuttmedisinsk avdeling på OUS

Held folk fram slik vil vi få fleire smitta og vi får fleire som må i respirator. Så enkelt er det. Det er opp til oss alle korleis dette vil gå.

Dag Jacobsen
Dag Jacobsen

Situasjonen skapar store utfordringar for sjukehusa, for mange tilsette kan ikkje vere på jobb. På det meste har Oslo universitetssykehus hatt over 3300 tilsette i karantene. Torsdag er talet nede i 2333.

Ein av dei som er i karantene er overlege Anders B. Martinsen. Han er fagansvarleg i akuttmottaket på Ullevål.

– Det er ikkje noko morosamt å sitte heime, seier Martinsen.

Anders Martinsen

Overlege Anders B. Martinsen tok imot ein pasient med koronasmitte, og er i karantene. No har han heimekontor.

Foto: Johan B. Gjefsen / Privat

For to veker sidan tok han imot ein av dei første pasientane med koronasmitte. Pasienten hadde ikkje vore på reise i risikoområda og det var ikkje mistanke om koronasmitte, men då svara på prøvene kom, viste det seg at pasienten hadde korona. Martinsen og fleire andre kollegaer måtte då i karantene.

Dei siste to vekene har han hatt heimekontor i rekkehuset sitt i Vestre Aker i Oslo. Han har tre born i skulealder rundt seg.

I morgon, fredag, får han komme tilbake på jobb.

– Det gleder eg meg til. Eg ønskjer ikkje å vere borte frå jobben no. Det kjem til å bli krevjande framover, men samtidig er det no det er viktig å vere der, seier Martinsen.

Held to meters avstand til kona

– Ikkje ta på kvarandre, sa helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse førre veke.

– Bortsett frå ektefelle, kjærast og barn, sa han vidare.

Men avdelingsleiar Dag Jacobsen køyrer eit anna regime. Han har flytta ned i kjellarstova heime, der han har eige bad. Han har minst mogleg kontakt med resten av familien.

– Eg held to meters avstand til kona og eg et middag for meg sjølv, seier Jacobsen.

Han har oppmoda legane og sjukepleiarane på avdelinga han er sjef for om å vere nøye. Ein av hans tilsette har fått påvist smitte, og fleire er i karantene. Bemanninga endrar seg frå dag til dag.

– To overlegar har vore heime, rett og slett for at eg skal ha nokon i reserve. Dei har vore heime for å lese seg opp og å førebu seg. Men i dag måtte eg kalle den eine tilbake på jobb, seier Jacobsen.

Det har vore ein travel periode på sjukehuset. Avdelingar har blitt bygd om slik at dei kan ta imot fleire intensivpasientar.

Denne intensivavdelinga er berre er for pasientar med påvist covid-19.

Koronaavdeling på OUS 2

Legar og sjukepleiarar har den siste veka brukt mykje tid på opplæring – på kvarandre.

Koronaavdeling på OUS - opplæring

Respiratorpasientar blir snudd frå rygg til mage, og omvendt, gjerne kvar tolvte time. Det er for at lungene ikkje skal falle saman. Det hindrar også at slim samlar seg i lungene.

Koronaavdeling på OUS - opplæring

Medisinsk direktør på OUS, Hilde Myhren, seier dei tilsette strekkjer seg langt for at alle sjuke skal få hjelp.

– I ein normalsituasjon har vi nesten uendeleg med ressursar, men det har vi ikkje no. Vi kjem til å måtte ta vanskelege val framover, seier Myhren.

Torsdag blei det kjent kva pasientar som skal prioriterast. Myhren fortel at helsepersonell må vere klar for å jobbe på andre avdelingar.

– Dei tilsette må tole å bli instruert. Vi kjem til å måtte beordre legar og sjukepleiarar til å jobbe andre stader på sjukehuset. Dei som til dømes jobbar med beinbrot til dagleg, må vere budd på å behandle infeksjonspasientar, seier Myhren.