Viaplay
Reality-TV må henge med i tida, meiner Eleah (23).
Viaplay
Ho leiar gladeleg an.
Viaplay

Eleah vil transformere Paradise

Eleah transformerer Paradise

Ho ragar over dei fleste.

Ho har langt, brunt hår og store, svarte solbriller. Saman med ei lang, signalraud skinnkåpe blir det enkelt å få auge på ho.

Sjølv om Eleah Sophie Winther (23) seier ho synest det er rart å ha vorte kjend over natta, ser det ikkje ut som ho har noko behov for å gøyme seg.

– Eg kjenner meg rar, på ein måte, seier ho på kav bergensardialekt.

– Det er spesielt å plutseleg vere eit kjent fjes. Sjølv om nyheita kom berre for ein dag sidan, er det mange som har fått det med seg.

Eleah Sophie Winther

Eleah Sophie Winther (23) er ikkje glad i å bli gjenkjent på gata, men ho er ikkje framand for merksemd heller.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRKFoto: Ismail Burak Akkan / NRK

Det skal kjapt vise seg at ho har heilt rett. Ting som dette spreier seg som eld i tørt gras. Særleg blant dei unge.

For samstundes som me intervjuar 23-åringen på ein kafé i Oslo, sitt det to gutar ikkje langt unna.

Dei kviskrar.

Dei ser ned på telefonen til han eine, ser bort på Eleah og peiker ned på telefonen att.

Det kan hende dei forsøker å vere diskrete, men dei får det ikkje særleg bra til.

Det er ikkje nokon tvil. Dei veit kven ho er. Dei har sett Eleah før.

Eit håp om paradis

Bergensaren, som no er busett i Oslo, skal vere ein av deltakarane i den nye sesongen av Paradise som startar måndag 30. mai.

Det har ikkje alltid vore slik at det er plass til personar som Eleah på TV.

Men no skal ho, saman med ti andre, sjekke inn på eit hotell i Mexico og forsøke å spele seg til topps.

Til paradis.

– Eg er veldig spent på korleis folk kjem til å reagere. Eg er nysgjerrig på om dei kjem til å like det.

– Det er som Ludo, berre med menneske, seier Eleah med eit lurt smil.

Eleah Sophie Winther. Deltakerbilde til årets Paradise-sesong
Foto: Ingunn Seljehammer / NENT
Foto: Ingunn Seljehammer / NENT

Dette blir den 16. utgåva av den segnomspunne TV-serien, som har fanga norske sjåarar heilt sidan Petter Pilgaard vann den fyrste runden i 2009.

Fest, kjærleik, venskap, sex, intrigar og drama. Alle elementa har prega sesongane av reality-serien i ulik grad.

Og det har for det meste funka. Serien har difor halde på det gode, gamle konseptet sidan byrjinga for 13 år sidan.

Men i år er det annleis.

Tradisjon i endring

Personar med same kjønn kan no inngå partnarskap for fyrste gong.

Alle søv i enkeltsenger, og du treng ikkje vere singel for å melde deg på.

Alt dette trass i at den fyrste skeive deltakaren var med alt i 2011. I 2013 var også Louis Furnes med, som definerer seg som transseksuell.

Alle deltakarane til årets Paradise-sesong. Ei gruppe unge kvinner og menn poserer foran kameraet. Dei står framfor eit basseng. Eleah lagar trutmunn.

Årets deltakarar. Bak frå venstre: Jo Petter Helstad, Eleah Sophie Winther og Patrick Greve. I midten frå venstre: Martin Elvik Hagen, Ronja Bysveen, Emma Sveinsdatter Strandjord, Philip Eskildsen og Kimberly Dahle. Fremst frå venstre: Markus Johnsen, Jeanette Elise Hildebrandt og Christoffer Zacho.

Foto: Ingunn Seljehammer / Nent

Også i programleiarrolla skjer det endringar. Triana Iglesias har leia serien i ei årrekkje. No er ho erstatta av Andreas Haukeland, også kjend som artisten Tix.

– Paradise var eit for gamalt konsept frå 2009. Kjønnsrollene har vore ganske tydelege, og har vore ein viktig del av formatet. Det fungerer ikkje i 2022, seier Haukeland.

Intrigar og skandalar mellom mann og kvinne på fylla er ikkje det programmet skal handle om.

Det skal handle om relasjonar mellom ulike personlegdomar. Det skal vere situasjonar som sjåarane kan kjenne seg att i, meiner han.

– Ikkje er det moralsk forsvarleg å sende det på TV lenger heller. Om folk ynskjer å sjå sex på TV, kan dei sjå porno, legg Haukeland til.

Alle deltakerne i årets sesong av Paradise. Programleder Andreas Haukeland, kjent som Tix, i front.

Andreas Haukeland, kjend som artisten Tix, er programleiar for årets Paradise-sesong.

Foto: Ingunn Seljehammer / Nent

Mangfald har vore viktig for serieskaparane denne sesongen.

– Det er mange grunnar til det, men det enkle svaret er at det er viktig å normalisere det folk ikkje er vande med.

Paradise fungerer godt som ein plattform kor ein kan vise fram nettopp mangfald.

– Denne sesongen blir sjåarane meir kjende med personlegdomen til folk. Det kan utfordre sette stereotypiar, seier programleiaren.

Det er her Eleah kjem inn. Det er difor ho er med.

Fødd som gut

– Eg er med for å synleggjere minoriteten min. Eg hadde også nettopp blitt singel då eg fekk moglegheita, og stod utan arbeid. Det passa sånn sett godt. Men mest er det for å fronte meg og mi sak, seier ho med ei klar og tydeleg stemme.

Eleah står på ei steintrapp foran eit hotell i Mexico. Ho held eit stort transflagg i blått, kvitt og rosa. Sjølv har ho på seg en lang, kvit kjole. I bakgrunnen er det palmer.

Eleah Sophie Winther håper ho kan opne auga til sjåarane med si deltaking.

Foto: Skjermdump / Viaplay

Eleah vart ikkje fødd som jente. Ho vart fødd som gut. Ho er difor ein del av ein svært liten minoritet i Noreg – transpersonar.

Ho seier det nesten ikkje var nokon som ho sjølv på TV då ho vaks opp.

– Eg håper eg når ut til unge sjåarar. Kanskje nokon får opp auga. Kanskje nokon skjønar kva som skjer inni dei – at dei kan finne svar.

Inge Alexander Gjestvang er leiar for Foreininga Fri. Fri jobbar for likestilling og mot alle formar for diskriminering på bakgrunn av kjønn og seksualitet i Noreg.

Han seier til NRK at det er viktig med minoritetar på TV.

Inge Alexander Gjestvang, leder for Foreningen Fri. 
Beskrivelse: Inge står utendørs i Oslo. Han smiler til kameraet. Bildet viser ham fra skuldrene og opp. Han har på mørk blå jakke, har mørkt skjegg og lyst hår.

Inge Alexander Gjestvang er leiar for Foreininga Fri.

Foto: Foreininga FRI

– Både kjønns- og seksuelle minoritetar har lenge blitt framstilt på anten komiske eller tragiske måtar. Dei har vore nær karikaturar og biroller i film og seriar. Auka synlegheit og fleire typar menneske nyanserer dette biletet.

Det gjev også unge høve til å sjå folk som liknar dei sjølve. Å ha eit breitt utval å spegle eige liv i, betyr mykje, seier Gjestvang.

Det eine utelukkar ikkje det andre

– Reality skapar ein arena for folk som vanlegvis ikkje er på TV. Fleire er motiverte til å vise fram sin eigenart og representere si gruppe.

Det seier professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo, Gunn Enli.

Ho trur høvet til å motverke stereotypiar eller førehandsdømming ofte er ein stor motivasjon hos deltakarar.

– Dei vil vise at dei er gode menneske med den bakgrunnen dei har, seier ho.

Dette er også interessante grupper for dei som produserer, meiner Enli.

Det er kommers logikk bak avgjerda om å ta med ulike folk og minoritetar, men det eine utelukkar ikkje det andre, seier professoren.

– Dei vinn også på å henge med i tida. Kjønnsidentitet er ein stor debatt i samfunnet no. Reality må ta pulsen på dei nye generasjonane TV-sjåarar.

Noko måtte bli gjort

Eleah var ikkje store tassen då ho merka at noko ikkje stemde.

Allereie då Eleah var tre år gamal, sa ho til foreldra at ho kjende seg som ei jente.

Eleah Sophie Winther som liten gutt.

– Då var det vanskeleg å sette ord på ting. Ein har ikkje språket som trengst for å verkeleg forklare kva som skjer.

Eleah Sophie Winther

Kjensla vart verande. Ho vaks seg større og festa grepet.

Då ho byrja på ungdomsskulen og såg at klassekameratane hennar kom i puberteten, tenkte ho at noko måtte bli gjort.

Då ho var 13, sa ho til mor si at noko måtte skje.

– Eg sa at no orka eg ikkje meir. Noko måtte endre seg.

Ein lang prosess

Ikkje lang tid seinare fortalde ho om at ho var jente til dei næraste vennane sine. Så skreiv ho ein status på Facebook kor ho blottla seg fullstendig. Så logga ho av.

– Eg måtte distansere meg frå det. Eg var veldig redd for korleis folk ville reagere.

– Men så fekk eg beskjed frå eit familiemedlem om det hadde gått bra. Det var sjukt god respons, legg ho til.

Fleire av dei som hadde mobba Eleah tidlegare, kom til ho og sa at dei no forstod ho betre.

– Eg synest ikkje det skal vere eit krav at ein skal forstå nokon for å ikkje mobbe dei, men samstundes trur eg folk forstod meg litt betre etter at eg kom ut.

Eleah Sophie Winther. Står ute i en park, ser inn i kameraet. Hun har langt, brunt hår, dratt tilbake av store, sorte solbriller. Skygger fra blader på et tre kaster delvise skygger over ansiktet hennes.

Eleah Sophie Winther blei mobba då ho var yngre. Etter ho kom ut sa fleire av mobbarane unnskyld.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Så gjekk det slag i slag.

Timar hos psykolog, testosteronblokkar og så kvinneleg hormon.

Men sjølv ting som skjer slag i slag, kan ta lang tid.

– Korleis var den tida der for deg?

– Eg hugsar ikkje så mykje av ho, eigentleg. Eg trur eg har blokkert ute mykje av det, svarar ho.

Fyrst seks år seinare fekk realitydeltakaren den siste operasjonen ho så sårt ynskte seg. For ho var det riktig å fjerne dei mannlege kjønnsorgana.

Så kom smellen.

Komplikasjonar

– Det tek på kroppen å gjennomgå ein slik operasjon.

Eleah hadde fleire komplikasjonar etter sin operasjon. Ho låg på sjukehuset i seks, nær sju veker.

– Eg måtte gjennom fleire operasjonar og rundar med narkose. Det var mykje greier.

Ho er ikkje i tvil om at det var riktig å ta operasjonen, men ho hadde ikkje gjort det igjen.

Eleah Sophie Winther

Det er mykje frå reisa frå gut til kvinne som manglar frå minnet til Eleah Sophie Winther.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Korleis kjendest det då du var ferdig?

– Vondt. Det var deilig å vere ferdig, men rart også, på eit vis. Tomt? Heile livet hadde eg gledd meg til denne eine hendinga, og no var ho over. Eg hadde ikkje det eine målet å strekke meg etter lenger.

Mange trur alt ordnar seg når dei er ferdige, men det er ikkje slik, seier Eleah.

Ting tar tid.

Ho er stille eit augneblink.

– Dette har eg faktisk aldri prata om tidlegare. Det var ein merkeleg periode.

Eit halvt år tok det før ho kjende seg som seg sjølve att. 11. mars 2020, for å vere nøyaktig. Dagen etter stengde Noreg.

– Eg følte eg blei normal samstundes som alt anna var unormalt, seier ho og smiler.

Kritiske røyster

Det har vore hardt. Ho har kjempa. Det har vore tårer og vonde tankar.

Likevel er ho ikkje sikker på om ho skulle endre på noko. Først svarar ho ja, men så endrar ho til «nei, kanskje ikkje».

– Tenk så basic bitch eg hadde vore utan alt eg har opplevd. Det er jo ein del av meg. Eg liker at eg er ei bad bitch. Eg lar meg ikkje pirke på nasen.

Eleah Sophie Winther

Reality-deltakaren er ikkje einig med kritikarane som meiner ho ikkje høyrer heime i Paradise-verda.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Det kan komme godt med når ein skal vere med på Paradise.

Når me intervjuar Eleah har det berre gått ein dag sidan ho vart lansert som deltakar. Ho har allereie møtt kritikk.

– Eg har fått mykje positivt, men også drit. Eg har fått meldingar frå folk som meiner eg har øydelagt konseptet. Folk meiner eg ikkje høyrer heime der. Men det er jo ein del av det nye konseptet. Folk.

Det er på tide Paradise følgjer med i samfunnet, meiner Eleah.

– Samfunnet endrar seg, då bør TV som skal spegle samfunnet gjere det same.