Dette er årets Stjernekamp-deltakarar

Alexandra Rotan

  • 24 år, frå Råholt
  • Sjanger: Pop

Rotan er ein veteran innan musikk. 14 år gammal deltok ho i MGPjr, og seinare i Idol på TV 2. Men det var i 2019, da ho vann Melodi Grand Prix med gruppa Keiino, at ho fekk stjernestatus. Sidan har ho turnert verda rundt.

Kevin Mbugua

  • 30 år, frå Oslo
  • Sjanger: Soul/R & B

Kevin er eit multitalent; han er dansar, koreograf, skodespelar, låtskrivar og artist. I tillegg til å ha vore koreograf for Nico & Vinz, har han spelt i ei rekke teaterførestillingar, og stått på ei rekke scener som artist.

Jorun Stiansen

  • 37 år, frå Vennesla
  • Sjanger: Pop/rock

Venndølingen vart heile Noregs Jorun då ho i 2005 vann Idol på TV 2. Etter sigeren reiste ho på turné og gav ut album og singlar. Nå er ho klar for å stå på scenen igjen i ein musikkonkurranse, 17 år etter Idol-sigeren.

Marius Roth Christensen

  • 49 år, frå Tønsberg
  • Sjanger: Rock og opera

Marius Roth Christensen gjorde stor suksess som gitarist i rockebandet Seigmen. På 2000-talet satsa han på ein karriere innan opera, og har sidan stått på store scener i både i inn- og utland.

Carina Dahl

  • 35 år, frå Trondheim
  • Sjanger: Pop

Carina Dahl starta artistkarrieren sin i 2010, og har sidan hatt stor innflytelse på norsk pop. Best kjent er ho kanskje for dei norske coverversjonane av «Despacito» med Adrian Jørgensen og «Shallow» (Så ekte nå) med Åge Sten Nilsen.

Chand Torsvik

  • 38 år, frå Namsos
  • Sjanger: Rock

Trønderrockaren frå Namsos sjarmerte heile Noreg då han vann X Factor på TV 2 i 2009. Han gjorde stor suksess med debutalbumet «Kongeriket Noreg». I vår slapp han albumet «Viljens kraft», med eigen tonesetting av Joralf Gjerstads salmar.

Heidi Ruud Ellingsen

  • 35 år, frå Narvik
  • Sjanger: Musikal

Heidi er blant Noregs fremste musikalartistar. Sidan gjennombrotet i «Singin’ in the Rain», har ho hatt hovudroller i ei lang rekke oppsetjingar på norske teater, som «Flashdance», «Les Misérables», og Gålå-spelet «Peer Gynt».

Fredrik Domaas

  • 26 år, frå Bergen
  • Sjanger: Pop

Fredrik Domaas, har bakgrunn frå musikkskolen LIMPI i Lillehammer, og slapp i fjor «debutsingelen «Gi meg varme» til gode kritikkar. Mest kjent er han kanskje for singelen «Bli hos meg» som er omtalt som ein av fjorårets finaste låtar.

Anna-Lisa Kumoji

  • 31 år, frå Asker
  • Sjanger: Soulrock/pop

Anna-Lisa har mange erfaring som profesjonell songar, skodespelar og musikalartist. Ho har hatt roller i «The Book of Mormon» og «Flashdance» for å nemne nokre. I 2019 var ho også gullfinalist i MGP med låten «Holla».

Bjørn Tomren

  • 40 år, frå Tomrefjord
  • Sjanger: Jodling/strupesong/vise/country

Bjørn utgjer den eine halvdelen i duoen Polkabjørn & Kleine Heine, som opptrer med jodling, strupesong og humor. I 2019 slapp han debutalbumet «Bad science Fiction» som han fekk strålande kritikkar for.

Journalist

Oda Elise Svelstad

Fotograf

Julia Marie Naglestad
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal