Stian Sivertzen

Denne hausten har Stian Sivertzen brukt på å finne ut kva slags veg livet skal ta etter karrieren.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Frå knust OL-draum til ringevikar

Stian Sivertzen rista av seg sjukdomen og døden, men blei fråteken den største draumen. Det siste halvåret har han blitt tvungen til å finne ut kven han er, utan snowboardet.

Året er 2013.

Stian Sivertzen er i Pyeonchang, ein by han veit skal arrangere OL fem år fram i tid.

Han har akkurat prøvd boardercrossløypa og er over seg av begeistring. Her veit han at han kan vere verdas beste om nokre år.

Han er den typen køyrar som med ein gong ser kva slags løype som passar for han. Det var den kjensla han hadde denne dagen.

Alle har i ettertid sagt det same. I Pyeonchang kunne Stian Sivertzen dominert.

Men Stian skal aldri få sjansen til å bevise det. Eit par legar knuste OL-draumen i august.

Stian måtte finne ein ny draum.

Drøymde om medalje

Det var få som trudde på Stian da han fortalde at han skulle tilbake i løypa og kjempe om medalje i OL i vinter.

Det er snakk om mannen som har vore nær døden to gonger, seinast vinteren 2016.

Me går heilt tilbake til der det starta i 2009. Ungguten frå Kongsberg var eit supertalent i den nye OL-greina snowboardcross.

I prøve-OL i Vancouver blei han landskjent over natta for noko heilt anna. Stian gjekk i bakken så det smalt og blei køyrd med blåljos gjennom heile byen.

Stian Sivertzen falt stygt under under prøve-OL i Vancouver og ble livstruende skadd. Da han våknet fra koma var han lam og måtte lære seg å gå igjen.

Etter dette fallet i Prøve-OL i Vancouver i 2009 svevde Stian Sivertzen mellom liv og død. Han var i koma i fem dagar, og låg tolv dagar på sjukehus i Canada. Likevel kom han seg tilbake til OL året etter.

Avisene skreiv om snowboardstjerna som låg i koma på sjukehus i Canada.

Han hadde indre blødingar, blødde frå hovudpulsåra, hadde brot i kragebeinet, ryggen og i bekkenet.

Legane klarte å vekke han etter fem dagar og fortalde at han aldri kom til å køyre snowboard profesjonelt igjen.

Stian Sivertzen

Han hadde slått gjennom med verdscupsiger for lengst og var eit internasjonalt supertalent. Så gjekk han kraftig i bakken i prøve-OL.

Foto: RogerHjelmstadstuen.com

Da han kom heim måtte Stian lære å gå på nytt på Sunnaas sjukehus. Sitt fyrste av mange møte med det norske helsevesenet.

Mirakuløst comeback

Neste vinter var han likevel på mirakuløst vis tilbake i løypa. I sjølve OL i Vancouver året etter motbeviste han legane da han køyrde inn til ein 26.-plass.

Sesongen etter var han heilt oppe i verdstoppen att.

I Sotsji-OL i 2014 kjempa han om medaljane i finalen. Det gjekk akkurat ikkje, Sivertzen blei nummer fem, rett bak pallen.

To år etter svevde Stian Sivertzen igjen mellom liv og død.

Han blei brått kritisk sjuk og var lam i beina da han fyrst kom til Ullevaal sjukehus. Det skulle vise seg at alt hang saman med den førre skaden.

Ein infeksjon i hovudpulsåra sende Stian tilbake i koma ei heil veke. Dei rundt han var langt frå sikre på om han kom til å overleve den vinteren.

Idrettskarrieren trudde dei fleste var over.

– Da eg vakna frå koma var eg sikker på at eg var basketballspelar og gjekk på college i USA, flirer han.

Var skikkeleg på gang

I mars den same vinteren var han tilbake i bakken i Trysil.

Han sklei nedover bakken på brettet og gliste. Alle såg han elska kvart sekund. Det blei mange varme klemmar. Heile snowboardmiljøet var redde dei skulle miste Stian frå Kongsberg den vinteren.

Sjølv om han var utskriven av sjukehuset, trua bakteriane inni hovudpulsåra framleis med å ende livet hans på 26 år. Infeksjonen var framleis i kroppen, og legane var ikkje sikre på om det var lurt å køyre snowboard igjen.

Stian derimot hadde begynt å drøyme om OL i Pyeonchang.

Når han hadde fått til eit comeback før, måtte det jo gå igjen?

– Eg håpar det er store sjansar for det. Eg må vente og sjå kva legane seier. Spørsmålet er om eg blir kvitt infeksjonen på ein ordentleg måte. Draumen er å kome tilbake og rekke OL i Korea i 2018. Det hadde vore kjempegøy.

Stian Sivertzen

I mars 2016 var han tilbake på brettet etter ein lang vinter på sjukehus. Ei veke låg han i koma denne gongen.

Ville ikkje høyre på legane

Lenge gjekk opptreninga så bra som den kunne. Stian trente mykje og sa til media at det var rått å vere han. Han køyrde NM i fjor vinter og vann til og med ein konkurranse i Lofoten.

Alt låg til rette for å kjempe om medalje i drøymeløypa i Sør-Korea.

Så kom kontrabeskjeden frå legane. Dei meinte han ikkje kunne pushe grensene i bakken lenger. Det kunne vere livsfarleg, og han hadde alt lurt døden to gonger.

Alle gode ting er ikkje alltid tre.

Fyrst ville han ikkje høyre. Han brukte mykje tid på å finne ut kva slags konsekvensar og farar som ville true han om han heldt fram karrieren.

Det sat langt inne, men i august i fjor høyrde han på legane og la opp.

– Eg dreiv ein ekstrem idrett, og skal ein vere på toppnivå må ein pushe grenser heile tida. Det var ikkje legane så positive til.

Det er snart fire månader sidan han tok avgjerda. Denne dagen skulle Stian eigentleg ha vore i dei austerrikske alpar og køyrd kvalifisering til verdscup.

I staden har han akkurat takka ja til ein ny kveldsvakt i helsevesenet.

– Utdanning passar ikkje for meg

Denne hausten har vore spesiell.

– Eg har brukt tid på å finne ut kven Stian Sivertzen er og skal vere.

Kva gjer ein når målet og draumen ein har jobba mot så mange år, plutseleg fell i grus?

Når ein må finne ein heilt ny yrkesidentitet, ein ny livsstil, nye håp, mål og draumar?

Det har Stian Sivertzen brukt dei siste månadane på.

Det var mykje han ikkje trengde å finne ut.

Han er ingen person som ville passe inn i ein A4-jobb frå 8 til 4.

Utdanning ville også vore vanskeleg. Stian meiner konsentrasjonen ville ha stoppa han. Skulen låg aldri for han. Han vil lære av å jobbe, ikkje av å sitje og høyre på andre fortel.

Stian reiste på golfbanen og tok fram badehetta frå eit gamalt skap. Han prøvde seg på undervassrugby igjen, ein idrett han dreiv mykje med i tenåra.

Men han kunne ikkje fylle all den fritida han plutseleg fekk etter å ha lagt opp, berre med hobbyar.

Det mangla ikkje på førespurnadar. Stian er ein ettertrakta mann å ha med på TV-program og andre eventar. Og er med på det meste.

Likevel var det ikkje nok til å fylle kvardagane utan snowboardet.

Stian Sivertzen i Sotsji

I OL i Sotsji i 2014 var Kongsberg-utøvaren tilbake i toppen. Sivertzen røyk kom til finalen og blei til slutt nummer fem.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Turte aldri å lese høgt for klassa

Stian fortel at han knapt turte å lese høgt for klassa da han gjekk på skulen.

Han var like sosial og jovial som du kanskje kjenner han frå TV-skjermen nå, men å snakke framfor folk var det verste han visste.

Kunne likevel det å halde føredrag vere noko for han? Stian bestemte seg for å teste det ut.

Fyrste gongen var han pissnervøs, men bestemte seg for å berre drite i det.

– Føredrag er ein av dei tinga som byggjer hovudet mitt sterkare. Eg får sjølvtillit av å snakke framfor folk. Det er noko eg har vore dårleg på, som eg har klart å utvikle meg på. Det er det det handlar om for meg heile tida.

Plutseleg måtte han, som alltid hadde kjent på meistringskjensle i jobben som idrettsutøvar, finne nye arenaer å leite den fram på.

Utan utdanning, men med eit godt lass med livserfaring andre 28-åringar er milevis ifrå.

Kanskje kunne andre lære av vala han har tatt.

Skulle han gå frå profesjonell snowboardkøyrar til profesjonell føredragshaldar? Leve av å fortelje historia si?

Stian Sivertzen

Trykkammerbehandling var noko av det som hjelpte han til å bli fri frå den alvorlege infeksjonen sist vinter. Stian smilte også der inne.

– Kvifor er eg stuck her?

Han har alt prøvd å jobbe eit år på kontor med marknadsføring.

Låst til kontoret på dagtid. Rein frustrasjon for ein som er vant til å reise verda rundt på dei beste skistadene.

Stian kikka på webkamera og snørapportane frå skianlegg rundt om i landet. Han såg det hadde snødd to meter i Myrkdalen, og kunne ikkje forstå kva han gjorde innelåst på eit trist kontor.

Eit slikt kontorliv passa overhovudet ikkje han.

Denne hausten var det tid for eksperimentering. Det har blitt fleire og fleire føredrag, i tillegg er han langt frå ferdig med sitt gamle miljø.

Snowboardforbundet har henta han inn som ambassadør. Stian reiser rundt på turar med landslaget og ut til klubbar og yngre utøvarar.

Da er han i sitt ess.

Han får igjen leike seg på brettet som i gamle dagar. Gje av seg sjølv. Spreie humør som få andre kan som han. Lære bort tips og triks til dei unge lovande.

Utan presset om å bli betre og prestere.

Men heller ikkje det var heilt nok til å fylle kvardagane med.

Det er ingen full stilling. Stian ville ha meir å gjere og meir jobb å gå til.

Stian Sivertzen i Vancouver

Som 20-åring OL-debuterte Stian Sivertzen i Vancouver 2010. Det var året etter det stygge fallet under prøve-OL same stad. Sivertzen blei nummer 26.

Foto: ADRIAN DENNIS, Adrian Dennis / AFP

Ikkje bitter

Ein skulle kanskje tru ein idrettsutøvar som ser sitt store mål gå i grus midt i oppkøyringa, kjenner på bitterheit.

Ei urettferd av å ikkje få vist seg fram i løypa som skulle vere perfekt for akkurat han.

Fire år etter han var så nær medalje.

Ingen trudde han skulle kome tilbake etter enda ein alvorleg skade.

Det ville vore det ultimate comebacket.

– Eg prøvar å ikkje tenkje på det. Treng ikkje å gjere meg sjølv misunneleg. Eg fylgjer heller med på andre og fyrer meg opp på deira vegne.

– Blir du ikkje påverka i det heile?

– Jo, det gjer eg. Det var jo den største draumen. OL-løypa var ein av grunnane til at eg jobba så hardt, så det er kjipt å ikkje vere med der.

Stian gidd ikkje å grave seg ned og ha det kjipt. Nå er målet å finne ut kva han skal drive med resten av livet.

Er det noko som kan gje like stor meining som idretten?

Vil jobbe med folk

Det er mange som tenkjer på den unike evna til å sjå positivt på livet, når dei tenkjer på snowboardaren frå Kongsberg.

Det er ein grunn til at han har kalla føredraget sitt «Det finnest alltid en opptur».

Innstillinga hjelpte i jakta på ein ny yrkesidentitet.

Det er lett å sjå at det ikkje er nokon bitter pensjonert idrettsutøvar som sit framom meg.

Dagen før var han i Tryvann ein heilt vanleg kvardag på dagtid.

Det er det beste han veit. Køyre så fort og mykje han vil, og ha bakken omtrent for seg sjølv.

Han trur han kan ha funne ein jobbkvardag der han framleis har tid til å leike.

– Eg har funne ut at eg vil jobbe med folk. Jobbe med og byggje opp menneske og lag.

Vil få med seg alt

– Eg kan jobbe til halv sju, men eg skal i ein bursdag på kvelden.

Medan me pratar ringer ein av arbeidsgjevarane hans. Han takkar ja til å jobbe eit lenger skift dagen etter. Han vil få med seg alt av bursdagar, konsertar og eventar. Samtidig vil han prøve seg i ein heilt ny bransje.

Ein arena der han har mykje erfaring frå den andre sida.

– Mange seier til meg at det er rått korleis eg brukar skaden min til noko positivt.

Nå vil han vere den som gjev. Han lurar på om det er same prinsippet her som i andre miljø han har vore i. Kan han bruke evna si på akseptere skaden og uføre han kom i, for å hjelpe andre som slit?

For Stian har det alltid handla om å sjå framover. Aldri grave seg ned. Alltid tenkje positivt. Kan han dra med seg det inn i helsevesenet?

– Eg har tenkt mykje på det. Folk er jo veldig forskjellige, men eg trur mykje av det same kan kome opp i andre situasjonar. Eg har blitt hjelpt vanvitig mykje opp gjennom åra. Eg har lyst til å gje tilbake den gleda eg har fått.

Derfor har snowboardkøyraren blitt tilkallingsvikar på to forskjellige avdelingar. Blant anna som miljøarbeidar på ein bustad.

– Det er eit heilt anna miljø enn eg har vore i før. Berre den måten du skal prate med folk. Seie dei rette tinga. Ikkje gjere så mange feil. Dess fleire feil, jo større nederlag blir det jo for pasienten.

Det er ein jobb han kan kombinere med føredrag og jobb som trenar og ambassadør for nye snowboardtalent.

OL-draumen er borte, men han har funne ein ny kvardag som gjev meining.

Ikkje minst er det ein kvardag der han framleis han kan leike som han alltid har gjort det.

– Eg trur det kan vere noko for meg.

Stian Sivertzen

Eit comeback i OL har Stian Sivertzen drøymt om lenge.

Foto: Snowboardforbundet