Anne Skølt på skulen
Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Dialektkampen

HEMSEDAL (NRK): Over heile landet forsvinn stadig meir og meir av dialektane. I Hemsedal tok Anne Skølt (15) eit utradisjonelt val som 11-åring. Eit løfte til seg sjølv som nesten er umogleg å halde.

15 barn er samla på ein gamal seter langt innpå fjellet. Det er sommar, sol og dei lærer om gardsdrift på gamlemåten.

Anne er 11 år, går i 6. klasse og har alltid budd i fjellbygda Hemsedal. Heile livet har Anne snakka bymål. Heilt til denne veka på fjellet.

Anne er på historias fyrste dialektleir. Eit par eldsjeler har funne på at dei vil bruke ei veke på å lære ungar i bygda den lokale dialekta som nesten ingen av dei pratar. Anne synest det er rart når ho for fyrste gong prøvar å bruke hallingorda ho har lært. Men her oppe på fjellet må alle snakke dialekta.

Eigentleg utan å tenkje så mykje over det har ho tatt eit val når ho kjem heim frå fjellet. Eit val om å skilje seg ut. Eit val som skal vise seg å bli hardt å stå for.

11-år gamle Anne kom heim frå dialektleiren med eit heilt anna språk. På fjellet hadde ho berre snakka halling, kvifor skulle ho bytte tilbake? Syskena som snakka bymål, akkurat som Anne gjorde før, synest det var rart. Far blei glad, mens klassevenenene blei nærmast sjokkerte da Anne kom på skulen igjen etter sommarferien.

Anne var ikkje som 11-åringar flest, fortel far Kjell Erik fire år seinare. Anne har akkurat gått av bussen på hovudvegen like ved garden og møter far på tunet. Han beskriv ho som ei jente med bein i nasa som ikkje gjev seg når ho har bestemt seg for noko. Ei som ikkje brydde seg med å fylgje mengda.

Men det er langt frå enkelt og skulle kvitte seg med eit talemål ein alltid har prata.

Dei i klassa begynte å le av det. Det høyrtes jo sikkert veldig rart ut. Dei lurte på kvifor, og når eg hadde skifta.

Anne Skølt

I starten fløyt det av seg sjølv. Ho var fornøgd, følte seg som skikkeleg hemsedøl, og brydde seg ikkje om syskena og klassekameratane som lo. Etter kvart blei det verre. Nesten ingen andre i klassa snakka halling. Lærarane kom frå heile landet, mange hadde den same bokmålsnære dialekta Anne voks opp med. Alt blei berre rot, synest Anne. Ho klarte aldri å halde skikkeleg på dialekta. Minna frå dialektleiren blei fjerne og lovnaden ho hadde gitt til seg sjølv det same.

Etter eit halvår med hallingdialekt gjekk Anne over til bymål igjen.

To-tre med dialekt i kvar klasse

April, 2018. Det ringer inn på Hemsedal barne og ungdomsskule. Anne går i 10. klasse og spring ikkje like mykje rundt i gangane som dei yngste på skulen. I 8. klasse er stemninga ei anna. Nokon spring rundt, jentegjengar står rundt kvarandre og ler, andre er fortvila over at gymtimen er bytta ut med ein kombinasjon av norsk og musikk.

Ein heilt vanleg morgon på ein ungdomsskule. Det kunne vore kor som helst. Skulle ein ha gjetta etter korleis dei flirande tenåringane snakka, ville nok dei fleste tippa Oslo-området.

– Ein høyrer veldig lite hallingmål på skulen nå, seier musikklærar Tori Snerte som etter kvart får ro over 8. klasse.

Ho var ein av lærarane til Anne på dialektleiren. Ei av dei som ikkje har gitt opp. Tori fortel korleis det var å sjå 11- år gamle Anne ta valet om å snakke dialekta ho aldri hadde snakka, men likevel låg latent der inne ein plass, for fire år sidan.

Andre gjorde det same, dei fekk det til der oppe på setra dei fire dagane. Dei vaksne begynte å bli optimistiske på dialektas vegne. Kanskje kunne dialektleiren vere dropa som gav liv til hallingdialekta på skulane rundt om i dalen att?

Utover skuleåret høyrde Tori i musikktimane at Anne hadde gått tilbake til bymålet. Da høyrdest Anne ut som dei fleste av klassa att.

Det er akkurat dette språkforskarane har spådd. Det har til og med skjedd raskare enn mange såg for seg. Dialekten i område som Hallingdal er i ferd med å døy ut.

Elevar frå 10 land

På ungdomsskulen i Hemsedal er det to-tre elevar på kvart trinn (rundt 30 på kvart trinn) som pratar den lokale dialekta. Eit par til snakkar halling heime, men byttar den vekk når dei kjem på skulen.

I 8.klasse er det elevar med opphav frå Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Storbritannia, Australia, Iran, Eritrea, Albania og Palestina.

Sjølv om Tori eigentleg er nordlending, har ho eit brennande engasjement for hallingdialekten. Denne dagen hjelper ho klassa to trinn under Anne, med å framføre dikt på halling og nynorsk.

Eit av fleire prosjekt ho er pådrivar for slik at elevane iallfall skal få høyre og lære dialekta som høyrer til bygda.

Dialektutviklinga har skjedd raskt og blir berre tydelegare. Hemsedal er av fleire grunnar eit spesielt tilfelle og ei annleis bygd.

Likevel er det alltid nokon som vel å kjempe mot ei utvikling som verkar umogleg å stanse.

Anne ville så gjerne vere ei av dei. Ei av dei som viste at unge i Hemsedal framleis kunne «svalla» halling. At det framleis er håp for at dialekta ikkje skal døy ut. Ho såg kor glad faren som sjølv er frå Hemsedal og alltid har snakka halling, blei da ho kom heim frå dialektleiren den fyrste gongen.

Sommaren etter reiste ho på dialektleir på fjellet igjen og alt blei igjen så lett. Hallingdialekta var inne igjen, nå galdt det berre å stå imot presset på skulen etter ferien att. Denne gongen ville ho ikkje la seg påverke av klassekameratane.

I ein anna kant av bygda, i sportsbutikken på skisenteret, møter me Vilde Dokk (23). Akkurat som Anne har ho alltid budd i Hemsedal og har foreldre som snakkar dialekt. I motsetning til Anne, snakka Vilde halling heile barndomen. I likheit med Anne har åtte år eldre Vilde tatt eit val når det gjeld dialekta. Eller var det eigentleg eit val?

Ho jobba på Peppes og på ein av Hemsedals nattklubbar. Stort sett med svenske og danske kollegaer. I bråket spurde gjestene og kollegaene alltid om igjen. Dei forstod ikkje dialekta.

Vilde føler ikkje at ho tok eit val. Det berre blei slik. Som mange unge hemsedølar snakkar nå Vilde stort berre bokmålsnært på jobb, med vener og ute blant folk.

«Hva, er Vilde fra Hemsedal?»

Vildes danske kollega Rikke Bjerre verkar lettare sjokkert over å høyre at ho faktisk jobbar saman med ei frå bygda. Resepsjonisten er sesongarbeidar på fyrste året, men har vore på skiferie i Hemsedal kvart år sidan ho var fire år.

Ho er sikker på at ho ikkje forstår den lokale dialekta. Bussjåføren skjønar ho ingenting av, men Vilde er jo ikkje vanskeleg å forstå.

Danske resepsjonistar

Det er nesten berre svenskar og danskar som jobbar i skisenteret i Hemsedal. Rikke Bjerre og Elisabeth Olsen er to av dei.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

I klesbutikken i etasjen over flirer Vilde når ho høyrer kva me har høyrt i resepsjonen. Ho er skikkeleg stolt over bygda si. Alle venninnene har reist vekk frå bygda for å studere, Vilde er den einaste som har blitt igjen. Det er i Hemsedal ho vil og skal vere, helst for alltid.

Derfor må ho ofte presisere at ho er lokal sjølv om ho ikkje har dialekta som høyrer til, når norske turistar spør.

Kvar gong ho kjem heim til foreldra er det ei heilt anna Vilde ein høyrer.

– Når eg går inn inngangsdøra heime, slår eg om med ein gong. Da er det ordentleg. Da må ein oppføre seg, ler Vilde.

Ho slår plutseleg om til halling.

– Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik eg.

Eg seier som det er. Dialekta blir litt borte når ein jobbar i ei så stor turistnæring som Hemsedal har blitt. Når ein er så mykje med danskar og svenskar både på jobb og på fritida så blir det vanskeleg å halde på ho.

Vilde Dokk

Starta mållag for ungdom

I år har Anne har fått med seg fleire i kampen. Skal ho klare å halde på dialekta og kjempe for ho, også på skulen, treng ho støtte. For etter den andre dialektleiren like før ungdomsskulen har det eigentleg gått så som så. Når ho pratar med vener eller sysken som pratar bymål, snakkar Anne bymål. Men det er ikkje slik ho vil at det skal vere.

Hallingdal målungdom blei starta før jul og har foreløpig rundt 11 medlemmar. Dei er ikkje mange, men dei vil gå mot straumen. Dei vil kjempe for dialekt og nynorsk i det som enn så lenge er ein nynorskkommune.

Denne skuledagen har fire 10.-klassingar har blitt igjen i kantina etter skuleslutt. Dei diskuterer kor dårleg dei synest nynorskundervisninga er, at lærarane treng nynorskkurs og kor dei skal reise på neste møte. Dei er leie av Peppes. Ei foreslår i staden badelandet Tropicana på Gol, og får gjennomslag. Det blir snakka både halling og bokmålsnært.

Kvifor er det eigentleg vits å kjempe for ei dialekt som alle språkforskarar meiner vil bli borte? Er ikkje dette berre ei naturleg utvikling som må skje i ei turistbygd som Hemsedal som trekkjer til seg nye fastbuande frå heile verda?

Møte i målungdomen

Anne Skølt, Miriam Abrahamsen, Eivor Berg, Gabriele Henriksen er fire av medlemmene i Hallingdal målungdom.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Dei fire jentene blir engasjerte. Spesielt Anne.

– Kvifor skal me lære om den franske revolusjonen og andre verdskrig? Det har skjedd for lenge sida og derfor skal me ikkje ha bruk for det nå?

– Halling og nynorsk er ein del av identiteten til Hemsedal. Dialekta vår er også såpass lik nynorsk, det er ikkje det same å lese ting om Hemsedal på bokmål, seier Anne.

Litauisk leiar

Gabrielle har foreldre frå Litauen og kom til Noreg og Hemsedal som 8-åring. Nå er ho leiar i Hallingdal målungdom og er med i landsstyret til Norsk Målungdom. Ho kjempar for nynorsk og dialekt, saman med blant anna Anne.

Gabrielle fortel at ho har tatt eit enda meir spesielt val enn det Anne tok da ho var 11 år og kom heim frå dialektleir. Jenta frå Litauen forklarer på bymål at når ho startar på vidaregåande til hausten skal ho snakke hallingdialekt.

Det handlar om identitet.

– Det er ein del av meg. Eg har vakse opp her, er glad i bygda og for meg er Hemsedal halling.

Samanliknar med trugselen mot samisk

Hemsedal er ei spesiell bygd. I 2018 bur det 614 personar med anna opphav enn norsk i bygda som ikkje har fleire enn 2442 innbyggarar.

Bygda skil seg mest ut med at dei fleste er vestlege innvandrarar. Heile 84 prosent er frå land som Sverige, Danmark, Litauen og Polen.

I tillegg har ein den store tilflyttinga frå heile landet. Ski og naturglade folk som vil bu nær fjellet og busett seg i Hemsedal.

Da er det kanskje ikkje rart det blir vanskeleg for Anne å tvihalde på hallingdialekta. Lærar Tori samanliknar situasjonen som korleis samane hadde det. I fleire samiske område høyrde ein så lite samisk at dei som vaks opp ikkje forstod språket.

I Hemsedal er mange med Tori redd for at slaget alt er tapt.

– Me er vel der nå at det er vinn eller forsvinn. Viss ingen av oss ser verdien at hallingmålet finst i bygda og ikkje berre i arkivet, vil det skli ut. Men eg føler det er mange krefter i dagen som vil gjere noko med det.

Anne er på si daglege ti minuttar lange busstur heim frå nok ein skuledag. Det har ikkje vore lett å snakke halling i dag heller. Det er eigentleg på skulen det er vanskelegast. Nesten alle rundt ho snakkar bymål.

Anne har starta og slutta å snakke halling fleire gonger.

Det har gått litt opp og ned dei tre siste åra på ungdomsskulen. Sjølv om ho så gjerne vil snakke halling, byter Anne framleis ofte tilbake til bymålet ho utelukkande snakka fram til ho var 11 år.

Da snakkar ho pent, som ho sjølv seier det. Men det er ikkje slik ho vil presentere seg, ho vil ikkje vere ein språkleg kameleon lengre.

Anne vil at ein skal høyre at ho kjem frå Hemsedal, ei bygd ho er stolt av. Til hausten startar ho på vidaregåande med eit nytt mål. Nå skal det berre vere eitt talemål som gjeld.

– Eg er veldig motivert til å berre snakke halling. Det kjennest så rart å ha to talemål. Eg prøvar å forandre det. Det er målet for vidaregåande. Det kan hende det blir lettare på vidaregåande i ei heilt ny klasse. Da vil eg berre presentere ei Anne. Ho som snakkar halling.