Hopp til innhold

Bilistar snudde utan å hjelpe lastebil i brann

Ein person er kritisk skadd etter at to vogntog kolliderte med ein personbil på riksveg 35. Vegen mellom Skotselv og Hokksund er framleis stengt.

Lastebilulukke

Ulukka skjedde ved Kolbræk på riksveg 35 mellom Hokksund og Skotselv.

Foto: Vegard M. Aas / Presse30.no

Ifølgje politiet skal ein semitrailer ha fått sleng på tilhengaren og treft ein personbil i fronten. Personbilen skal deretter ha blitt slengt inn i fronten på eit anna vogntog, som kort tid etter kollisjonen byrja å brenne.

Berre ein bilist hjelpte til

Medan lastebilen framleis stod i full fyr, snudde bilistar i vegbanen og køyrde bort frå ulukkesstaden – i staden for å hjelpe, ifølgje Drammens Tidende.

– Som trafikant og medmenneske har ein plikt til å hjelpe når nokon er i naud. Eg kan ikkje forstå at noko er viktigare i ein slik situasjon enn å hjelpe, seier operasjonsleiar Trond Egil Groth ved Sør Aust politidistrikt til avisa.

Politiet fekk mange telefonar frå bilistar på ulukkestaden, men fleire av dei valde altså å reise frå ulukkesstaden utan å hjelpe til. Heldigvis var det ein av bilistane som blei igjen for å hjelpe sjåføren i den brennande lastebilen.

Snør kraftig

Brannen var svært kraftig, og innan dei fekk kontroll var heile førarhuset brent ned.

ulukke trailer

To vogntog og ein personbil var involvert i ulukka.

Foto: Vegard M. Aas / Presse40.no

Det er føraren av denne bilen som er kritisk skadd.

– Han er køyrd til sjukehuset med ambulanse. Eg er redd han er alvorleg skada, seier innsatsleiar på staden, Geir Petter Nedregård.

Då NRK var på staden heldt dei på med undersøkingar.

– Me sikrar spor og snakkar med vitne. Det snør kraftig på staden og me prøvar å danne oss eit bilete over kva som har skjedd. Me har ein indikasjon, men kan ikkje seie det med sikkerheit, seier Nedregård til NRK.

I alt tre personar blei skadd i møteulukka.

– Føraren av vogntoget som fekk sleng på hengaren, har erkjent forholdet. Førarkortet er beslaglagd. Dei to andre personane som sat i personbilen, er lettare skada, seier Trond Egil Groth, operasjonsleiar i politiet i Søndre Buskerud.

Det var som i resten av Sør-Noreg i dag svært vanskelege køyreforhold på vegen då ulukka skjedde måndag ettermiddag.