NRK Meny

Viste fram velferdsteknologi

Under eit seminar om velferdsteknologi på Drammensbiblioteket vart mange nyskapingar vist fram. Seminaret var i regi av Høgskolen i Sørøst-Norge, biblioteket og fleire teknologibedrifter.

Hensikta med robotane og oppfinningane er å gjere eldre og uføre i stand til å bu lengre heime før dei treng institusjonsplass. Robotar skal og avlaste bemanninga på sjukehus.

Seminar om framtidas helseteknologi på biblioteket i Drammen