NRK Meny
Normal

– Vi hadde hatt godt av ein medalje

Erik Øvergaard, som var blant dei friviljuge som redda mange frå drukningsdøden under Utøya-massakren 22. juli, slit med å kjenne seg stolt etter redningsinnsatsen. – Ein medalje ville kanskje gjort det lettare å takle det vi gjorde.

Erik Øvergaard

Erik Øvergaard redda 15–20 menneske frå å drukne den 22. juli.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Eg vil gjerne vere stolt over det vi gjorde, men blir framleis berre trist når eg tenker på alt som skjedde, seier Erik Øvergaard.

Fem månader etter terroren slit han framleis med å takle kjenslene sine.

– Når eg fortel om det eg opplevde er det slik at andre byrjar å gråte, medan eg ikkje gjer det. Eg har ikkje handsama det ferdig inni meg.

Minnesmerker – ikkje medaljar

Anniken Huitfeldt

Kulturminister Anniken Huitfeldt gjorde det i dag klart at det blir sett opp to minnesmerke etter 22. juli.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

I dag seier kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) at regjeringa har bestemt at det blir sett opp to minnesmerke etter 22. juli, eit i Hole kommune kor Utøya ligg og eit i Oslo.

– Namna på dei som blei drepne skal stå på minst eit av minnesmerka. Desse skal heidre dei omkomne, dei overlevande, hjelpemannskapa og dei friviljuge som redda andre.

Nokon eigen medalje for dei friviljuge som redda ungdommen opp frå vatnet med fare for sitt eige liv blir det ikkje. Men kulturministeren avviser ikkje at personar kan bli heidra med ein medalje.

– Men da er det opp til andre å foreslå einskilde personar som kandidatar for medaljen for edel dåd.

– Ikkje eit egoistisk behov

Minst seks gongar køyrde Erik Øvergaard ut med båten sin, han redda 15–20 menneske frå drukningsdøden og skyssa enno fleire som var igjen på Utøya inn til land. Han hugsar kjensla av å ikkje ha plass til alle i båten.

– Eg er særs glad for at mange av oss som var friviljuge framleis samlast kvar onsdag for å snakke saman. Utan det veit eg ikkje korleis eg hadde takla kvardagen.

Øvergaard seier han på ingen måte har eit egoistisk behov for heider og ære.

– Eg berre trur at ei slik merksemd ville gjort det lettare å takle det vi gjorde og det som skjedde i dei kaotiske timane rundt og på Utøya. Det er bra med minnesmerke, men eg skulle ønske staten sjølv gav oss som var friviljuge hjelparar ei merksemd gjennom til dømes ein medalje.

– Eg har fått med meg at tyskaren Marcel Gleffe har teke imot den høgaste utmerkinga ein borgar i hans land kan få, og at han har sagt at det har hjelpt han i å takle inntrykka frå den 22. juli.

Gleffe tok imot medaljen ”Bundesverdienstkreuz” frå den tyske presidenten Christian Wulff for innsatsen med å redde 20 personar frå Utøya.

Utøya

I april skal planane for minnesmerka leggjast fram.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– Eg håper vi får noko frå regjeringa

Tidlegare kulturminister Åse Kleveland skal leie eit eige utval som vurdere sjølve utforminga av dei to minnesmerka som skal røystast. Forslaget blir lagt fram 1. april. Ho trur det vil bli ei utfordring:

– Vi skal skape noko som både heidrar dei einskilde menneska og som samstundes symboliserer den store skakinga av det norske samfunnet som då skjedde. Både offer og overlevande kjem frå heile landet og har alle typar kulturell og religiøs bakgrunn.

Redningsmann Erik Øvergaard vender stadig tilbake til Utvika Camping, han ser ingen grunn til å forlate den. Der har han laga fast tilbygg til campingvogna og trivst godt.

– Eg har fått veldig fine tilbakemeldingar frå ungdom eg redda opp og foreldra deira, og det betyr mykje for meg. Eg håper likevel vi får noko frå regjeringa etter det vi gjorde. Det hadde rett og slett hjelpt meg til å kanskje forsone meg med det som skjedde.