Hopp til innhold

Vil vi eigentleg redde verda?

Forbruket i Noreg berre aukar og aukar. Vi kastar avfall som aldri før. Samstundes får dei fleste miljøorganisasjonane stadig fleire medlemmar. Kva skjer?

Miljøengasjement

Bjarne Spangberg, Elizabeth Lande og Oda Horn er som folk flest. Bryr seg om framtida og veit at vi ikkje kan forbruke stadig meir for kvart år. Og slit med å ta konsekvensen av det i kvardagen.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi øydelegg miljøet vårt meir og meir. Det er viktig å ta vare på det vi har. Elizabeth Lande er tydeleg og klar, og blir støtta av venninna Oda Horn utanfor biblioteket i Drammen.

– Eg prøver å bidra med det eg kan. Kjeldesorterer og slikt, seier pensjonist Bjarne Spangberg som har tatt turen frå bydelen Konnerud ned til sentrum for å rusle ein tur. Men han brukte bilen hit.

Stadig fleire melder seg inn i miljøorganisasjonane. Likevel aukar forbruket og mengda avfall vi hiv per person er nær dobla på tjue år. Kvifor klarer vi ikkje endre livsstil?

Miljørørsla trur på endring

Matavfall

Ola Nordmann kastar no dobbelt så mykje avfall som på nittitalet

Foto: NRK Sorlandet

I dei siste vekene har debatten blant anna gått om kjeldesortering eigentleg gir noko miljøvinst. Det som har blitt ein tradisjon med fargekoda bøtter og posar under kjøkkenvasken er kanskje ikkje verdas største bidrag for å ta vare på skogane, materiala vi kan hente ut frå gruver eller ressursane i havet.

Håkon Lindahl i Framtiden i våre hender seier alle monnar drar, og at det er viktig at vi alle gjer det vi kan i kvardagen:

Håkon Lindahl

Håkon Lindahl i Framtiden i våre hender meiner politikarane har ein lang veg å gå når det gjeld å gjere miljøvenlege val lønsame og lette for folk.

Foto: Framtiden i våre hender

– Vi ser at stadig fleire er medvitne om miljøet vårt. Klimaendringar er no noko av det nordmenn er mest uroa for og klima veks fram som eit viktig tema for politikarane, særleg etter at Miljøpartiet dei grøne kom på Stortinget. Samstundes aukar medlemstalet i miljøorganisasjonane.

– Men vi ureinar stadig meir, forbruker stadig meir og kastar stadig meir?

– Dei verkeleg store samfunnsendringane som har skjedd i historia har kome særs raskt. Det kan vere at når det miljøvenlege samfunnet kjem, så går det fort. Når vala folk må gjere er lette å gjennomføre vil endringane gå mykje raskare enn i dag, meiner Lindahl.

Å endre vanar er det vanskelegaste

Bjarne Spangberg er pensjonist og trimmar beina så godt som han kan. Gåstavane er med når vi treff han i Drammen. Han meiner bestemt at klimaet er annleis no enn då han var barn. Det er meir ruskete vêr enn før, og vintrane er ikkje som dei var.

– Det blir viktigare og viktigare å halde seg i form, smiler han.

Er det vanskeleg å køyre kollektivt frå din bydel til sentrum?

– Nei, eigentleg ikkje. Men det er så greitt å bruke bilen til småærend og å ordne ting. Og så tar det tid å ta bussen.

– Har du lite tid å ta av?

– Nei eg har jo blitt pensjonist. Det er mest den gamle vanen som er vond å vende. Ein blir litt makeleg med åra.

Elizabeth Lande og Oda Horn

Dei veit kva vi bør gjere for å bidra til mindre forbruk og forureining. Men Elizabeth Lande og Oda Horn synast at det er fort gjort å gløyme det.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Elizabeth Lande og Oda Horn er klar over at forbruk er lik forureining. Men så er det vanskeleg å endre det ein gjer og likar å gjere.

– Vi kan kjøpe færre ting da.

– Går det an å bruke kleda litt lenger?

– Ja, men det er veldig gøy med nye ting, flirer dei, litt flaue over å tenke som oss alle flest.

Ei lang liste konkrete handlingar

Det er nokre miljøvenlege steg som er lettare å ta enn andre. Karl Kristensen i Bellona seier det paradoksale er at mange av dei miljøvenlege endringane vi kan gjere, sparar oss for pengar og gir oss betre livskvalitet.

– Dersom vi kjøper kortreist mat, som er produsert så nær der vi bur som mogleg, sparer vi drivstoff til transport. Økologisk mat sparer jorda for kjemikaliar og gift. Installerer du sparedusj og gjer det til ei god vane å skru av elektriske apparat som ikkje er i bruk, sparer du pengar. Dessutan kan særs mange i Noreg, til trass for geografien her, nytte meir offentleg transport eller sykle. Då kjem du og i betre form, seier Kristensen.

Dessutan er det populære, velsmakande, gode, gamle kjøtet ein miljøversting. Rundt femten prosent av utsleppa av klimagassar kjem frå husdyrhald. Ifølge ein rapport frå Bioforsk er det stor skilnad på matvarene vi et, i høve klimagassutslepp og energiinnhald.

– Det er det å gjere alt dette da. Ein blir liksom vand til å gjere som ein alltid har gjort, seier Bjarne Spangberg før han marsjerer vidare i Drammen sentrum.

Og sidan gåstavane er på, er det eit steg i riktig retning.