Forskarar klarer ikkje å løyse gåta om barn og overvekt

ÅL (NRK): Det finst mange forskjellige behandlingstilbod, men forskarar veit for lite om kva som fungerer for barn med sjukeleg overvekt. I Hallingdal vil dei gjere noko med det store problemet.

Barneben på badevekt

Ein veit for lite om kva behandling som hjelper for barn med overvekt. Helsedirektoratet fortel at ein ikkje veit nok om kva som fungerer over tid.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

– Me har ikkje funne eit behandlingsopplegg som verkar godt og har gode verkingar over tid.

Ellen Margrete Carlsen er avdelingsdirektør for barne og ungdomshelse i Helsedirektoratet. Ho meiner me treng ein ny kunnskapsoversikt over tiltak som verkar over tid for barn og unge med overvekt og fedme.

Beskjeden effekt

Mellom 15 og 17 prosent av alle norske 8-åringar er overvektige og to-tre prosent av dei slit med alvorleg fedme. Behandlingstilboda finst rundt om i landet, men studiar viser at ein ikkje har funne opplegget som får barna til å gå ned i vekt over tid.

Spesialisthelsetenesta tek imot dei største barna på barneklinikkar på fleire sjukehus rundt i landet. Der kjem dei til timar og blir fylgd opp over tid.

Petur Benedikt Juliusson er overlege på ein slik barneklinikk på Haukeland universitetssjukehus. Han ser at dei ikkje klarer å hjelpe mange av barna godt nok.

Peter Juliusson

Petur Benedikt Juliusson er spesialist i barnesjukdommar og er seksjonsoverlege ved Barneklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Han er også avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Foto: Haukeland Universitetssjukehus

– Slik livsstilsbehandling som me driv med på sjukehusa gjev beskjeden, gjennomsnittleg effekt. Samtidig er det stor variasjon mellom barn og familiar. For nokon har det god effekt.

– Det er ikkje noko enkel og lett løysing på dette. Men me brukar å seie at me skulle gjerne hatt fleire verktøy i verktøykassa, seier Juliusson.

Vil skape aktivitetsglede

I Ål i Hallingdal er Gunn Kjersti Sandelien godt i gang med å få ideen ho har hatt i mange år ut i verda.

Ho vil starte eit senter der barn med overvekt kan vere over tid og få hjelp til å endre livsstilen saman med foreldra. Som eit alternativ til sjukehusa der ein er inne til timar ein gong kvar tredje månad.

– Behandlinga for overvektige barn, har jo ikkje lykkast heilt som ein hadde håpa, slik eg har forstått det. Barn og familiane deira treng å få hjelp på mange måtar.

Gunn Kjersti Sandelien

Gunn Kjersti Sandelien vann gründerkonkurransen «Startupp» i Hallingdal og held nå på med forstudie til senteret for barn med overvekt.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Sandelien drøymer om eit senter der barn skal finne aktivitetsglede som dei kanskje ikkje har hatt før.

– Det skal vere for barn som ikkje reiser på den fotballcupen eller skirennet. Ein skal finne aktivitetar som ein trivst med og bli møtt med forståing. Og vere eit senter der legar og helsesyster kan vise barna som får beskjed om at dei må ned i vekt, vidare.

Dei har fått støtte frå 250.000 kroner i oppstartstøtte frå Innovasjon Norge og næringsfondet i kommunen for å få tak i dei beste folka i planleggingsfasen.

– Foreldre treng rettleiing

Overlege Juliusson ved Haukeland trur eit senter kan vere eit supplement i behandlinga, men er også skeptisk til effekten over tid.

– Barna må uansett tilbake til sitt gamle liv etter å ha vore på senteret. Me har sett forsking på at ein får gode resultat når ein er på ein slik institusjon, men veldig lett får tilbakefall når ein tilbake i sitt vanlege miljø. Eit slikt senter kan vere eit veldig verdifullt supplement, men kan ikkje vere aleine i behandling av fedme.

Rune Sando, leiar i foreininga for overvektige meiner det er eit stort behov for fleire behandlingstilbod og applauderer prosjektet i Ål.

– Dette er veldig bra og me treng slike senter rundt i heile landet. Foreldre treng rettleiing og stader som kan tilby opphald og kurs, for å lære korleis me foreldre skal handtere barn som blir større.