NRK Meny

Vil ikkje ha vass-scooterar

Rådmannen i Ringerike vil ikkje ha frislepp av vass-scooterar, skriv Ringerikes Blad. Dersom dagens forskrift blir oppheva, betyr det fri bruk av vass-scooterar. Det vil igjen føre til fleire ulykker, meir støy og virke forstyrrande på hekkande fuglar, meiner rådmann Tore Isaksen. I dag skal politikarane i hovudutvalet for miljø- og arealforvaltning seie si meining om forslaget om å oppheve reguleringa.

Vannscooter
Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix