Hopp til innhold

Vil ikkje evakuere observatørane

Dei internasjonale observatørane i Hebron kjem til å halde fram arbeidet som før. Styrken, som blir leia av norske Christine Fossen, har ingen planar om evakuering i den spente situasjonen i Israel.

Christine Fossen

Christine Fossen og dei andre internasjonale observatørane i Hebron høyrde eksplosjonar og skyting i heile natt.

Foto: Privat

– Akkurat no i ettermiddag er det ganske stille i gatene, det er Ramadan og dei palestinske innbyggarane fastar heile dagen. Men situasjonen er spent, i natt var det mykje uro, seier Christine Fossen tysdag ettermiddag.

I mars i år reiste den tidlegare politimeisteren i Søndre Buskerud politidistrikt til Hebron for å leie den internasjonale observatørstyrken på Vestbredden. Sidan då er situasjonen kraftig forverra i området.

Måndag blei lika av tre israelske tenåringar funne på Vestbredden. Dei tre blei meldt sakna 12. juni. Tysdag morgon sprengte israelske styrkar husa til to menn dei mistenker for å stå bak drapa.

Les: Israel sprengte husene til mistenkte i Hebron

ISRAEL-PALESTINIAN-CONFLICT-KIDNAPPING-DEMOLITION

Israelske soldatar sprengde måndag kveld delar av eit hus kor ein av dei mistenkte for drapet på tre israelske tenåringar budde. Huset ligg i Hebron.

Foto: HAZEM BADER / Afp
Stengde alle vegar

Måndag stengde den israelske hæren alle innfartsvegar til Hebron.

– Då skjønte vi at noko var på gang. Byen vart hermetisk lukka for all trafikk. Utover kvelden høyrde vi på nyheitene at dei tre ungdommane var funne drepne, seier Fossen.

Observatørane høyrde natt til tysdag skotvekslingar, eksplosjonar og uro i nærleiken av basen.

– Det var ein veldig intens situasjon i heile natt.

– Vurdere de å evakuere mannskapet?

– Nei, vi får framleis gjort den jobben vi skal gjere. Og akkurat no er det ingen grunn til å vurdere det, seier Fossen på telefon frå Hebron.

Vil halde fram med jobben

Christine Fossen seier dei tek forholdsreglar, og følger tryggingssituasjonen nøye for dei 70 observatørane og dei 20 lokalt tilsette i Temporary International Presence i Hebron (TIPH).

– Vi er i dialog med våre ambassadør og partane i Hebron. Det er viktig å rapportere og dokumentere situasjonen. Men vi gir mykje informasjon til folka våre som reiser rundt, for å sørge for at tryggleiken blir tatt vare på, seier Fossen.