Hopp til innhold

Vikersund vil søke om å få kvinnene med i skiflygings-VM

Skepsisen mot å la kvinnene hoppe i storbakke har forsvunne i FIS i løpet av det siste året. Nå vil Vikersund søkje om å få kvinnene med i VM i skiflyging om tre år.

Maren Lundby

Maren Lundby har lenge drøymt om å hoppe skiflyging, men har nekta å vere prøvehoppar eller pauseinnslag. Nå kan det bli konkurransar i dei største bakkane om få år.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

VM i Seefeld kan vise seg å bli det siste meisterskapet der det er forskjell på programmet til kvinner og menn i hoppbakken.

Lagkonkurransen kom for fyrste gong på plass i år, og mykje tyder på at dei får hoppe i storbakken frå neste VM i Oberstdorf.

Nå vil arrangørane i Vikersund saman med Skiforbundet jobbe for å få oppfylle den siste draumen til Maren Lundby.

Vikersund-arrangør: – Får nesten gåsehud av tanken

– Det ligg ingen avgrensing på kor store bakkar kvinner kan hoppe i lengre. Eg trur det vil skje innan fire-fem år. Det hadde vore interessant om Vikersund kunne søke om å få kvinnene inn på VM-programmet i 2021, seier Clas Brede Bråthen, sportssjef i Norges Skiforbund.

Clas Brede Bråthen

Clas Brede Bråthen meiner nivået på dei beste kvinnene er godt nok til å sette utfor skiflygingsbakkar nå. Resten av feltet kan ha godt nokre år til med utvikling, meiner han.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Det er ein ypparleg moglegheit for Vikersund å søke om VM for damer i Skiflyging. Eg tenkjer det hadde vore ein fin moglegheit til å trå inn i meisterskapssamanheng i Skiflyging, sa nybakt verdsmeister Maren Lundby til NRKs VM-studio etter å ha sikra seg gull i Seefeld.

Ho har tidlegare uttalt at skiflyging er det råaste ho kan oppleve, og hos arrangørane i Vikersund er det ingen tvil om at dei vil søke om å få med kvinnene.

– Det ville vore veldig stort for mange. Me skal jobbe saman med Skiforbundet for å få dette til, om det skal formulerast ein søknad nå så er me klare for det. Det skal ikkje stå på Vikersund, seier generalsekretær i arrangørkomiteen, Tone Kjemperud Kristiansen.

Ho håpar dei kan få med kvinnene i Raw Air-renna i bakken alt neste sesong. I år skal kvinnene for fyrste gong vere med i den norske hoppveka, men avsluttar turneringa i Trondheim når gutane reiser vidare til skiflygingsbakken i Vikersund.

Dei bør i alle fall vere med til prøve-VM i 2021. Det er eit stort ynskje for oss å arrangere det fyrste skiflygingsrennet for kvinner. Eg får nesten gåsehud av tanken.

RAW AIR Vikersundbakken.

I 2022 blir det VM i skiflyging igjen i Vikersund. I år arrangerer dei Raw Air-finalen 15.-17.mars.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Må inn på verdscupprogrammet fyrst

Bertil Pålsrud er Norges representant i hoppkomiteen i FIS. Han er usikker på når det kan la seg gjere å få på plass skiflygingsrenn for kvinner, men fortel at stemninga i FIS har snudd markant det siste året.

– For berre eitt år sidan var det framleis skepsis mot fleire storbakkerenn i verdscupen for kvinner. Den er så godt som forsvunne nå etter fleire gode renn denne sesongen. Når det gjeld skiflyging er det litt for tidleg å seie, men det viktigaste er at Skiforbundet og Vikersund søker, seier Pålsrud.

Han trur det er viktig å få inn skiflyging for kvinner på verdscupprogrammet, før ein snakkar om VM.

NORDIC-WORLD/

Maren Lundby har tidlegare uttalt at ein av hennar største draumar i karrieren er å hoppe 250 meter i skiflyging.

Foto: LISI NIESNER / Reuters

– Det må eventuelt bli vedteke på kongressen neste år, så timinga kan vere krevjande for å få det inn på VM-programmet. Det viktigaste blir å få det inn på verdscupprogrammet fyrst, det trur eg er avgjerande for ein eventuell VM-søknad, seier Pålsrud som ikkje trur det står på nivået til kvinnene.

– Dei beste hopparane kan hoppe i alle bakkar i verda.

Flere nyheter fra NRK Buskerud