Hopp til innhold

Vil ha fleire kvinnelege fiskarar

Norges Jeger- og fiskeforbund (NJFF) ønsker seg fleire kvinnelege laksefiskarar langs Drammenselva. Så langt denne sesongen har berre seks av over 300 laks blitt dratt på land av kvinner. – Laksefiske er bra for dei med ein hektisk kvardag, meiner fylkessekretær i NJFF i Buskerud Anne-Mette Kirkemo.