Vil få nordmenn med «flyskam» til å velje chartertog

DRAMMEN (NRK): Eit lite reiseselskap i Drammen vil vere dei fyrste til å tilby chartertog frå Noreg. – På høg tid at nokon tek den store etterspurnaden seriøst, meiner reiseekspert.

Tog Sveits

I fyrste omgang har reiseselskapet sett opp ei rundreise til og gjennom Alpane, med lokaltog. Til neste haust håpar dei at det fyrste chartertoget kan gå.

Foto: Renato Bagattini / Switzerland Tourism - BAFU

Rekordmange nordmenn reiste på ferie med tog i sommar. Tal frå Entur viste at salet av interrailbillettar auka med 35 prosent.

I Sverige og Danmark dukka chartertog opp i takt med den aukande toginteressa. Avisa Dagens Nyheter sette opp chartertog frå Sverige til Italia, reiseselskapet Spies har hatt tur frå Danmark til Alpane.

For 10 år sidan kunne ein også ta chartertog frå Noreg til Gardasjøen, men tilbodet forsvann heilt. Det vil eit lite reiseselskap på Gulskogen stasjon i Drammen gjere noko med.

Rundreise i Alpane

– Me har arrangert togreiser i Europa i fleire år, men da har me flydd til start og heim. Nå har me sett ein veldig aukande interesse for å reise miljøvenleg, seier dagleg leiar i Togreiser.no, Erik Baadstø.

Erik Baadstø

Dagleg leiar i Erik Baadstø meiner dei merkar at det er ein marknad for flyfrie reiser. På den fyrste gruppeturen utan fly vil dei vel og merke bruke ferje mellom Oslo og Kiel, fordi dei meiner togtilbodet ikkje er godt nok mellom Oslo og Nord-Tyskland.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Dei planlegg eit reint chartertog og er i samtalar med eit tysk selskap for å leige tog som kan frakte passasjerane heile vegen. Italia er eit aktuelt reisemål og fyrste tur kan bli neste haust.

– Eit eksempel på ein togtur frå Noreg er å reise frå Oslo til Venezia. Da går turen via Hamburg, München, over Brennerpasset og Dolomittene i nord-Italia, til Venezia, forklarar Baadstø.

Heile ferien med togreise mellom dei ulike stadene er berekna å ta opp til 7–8 dagar.

Til våren arrangerer dei den fyrste gruppereisa med tog frå Noreg, da på vanlege lokaltog gjennom Tyskland.

Reiseekspert Eilert Larstorp Paulsen i reisemagasinet Vagabond meiner det er på høg tid at det kjem fleire tilbod som kan gjere det enklare å velje tog.

Eilert Larstorp Paulsen

Reiseekspert Eilert Larstorp Paulsen er ein ivrig togturist, men meiner det er mykje som står att før tilbodet er godt nok for at folk kan velje bort flyet.

Foto: Vagabond

– Det er absolutt på høg tid at nokon ser etterspurnaden og tek den seriøst. Det å bestille togbillettar ut i Europa er ingen enkel sak. Det er ingen app eller billettøysing som knyter togselskapa saman, seier Paulsen.

Jobbar for enklare billettsystem for tog

Reisebyrået Berg Hansen har også merka ein langt større pågang for å reise på ferie med tog det siste året, spesielt rett før årets sommarferie.

Tog over bru i Sveits

Bernina Express og Glacier Express er to av dei mest populære togstrekningane for togturistar i Europa.

Foto: Andrea Badrutt / Christof Sonderegger

Men nettopp det kompliserte billettsystemet har gjort det vanskeleg for reisebyrået å tilby bedrifts- og privatkundane sine gode alternativ om dei heller vil reise langs bakken.

– At ein kan bestille tog like enkelt som fly er heilt avgjerande for at tog skal kunne ta av. Me ynskjer å ha moglegheita til å vise kundane den same reiseruta med tog, med tid og pris ved sidan av fly, seier kommunikasjonsdirektør Anette Malthun Koefoed.

Dei er i gang med arbeidet og jobbar med dei ulike togselskapa i Europa for å få på plass ein god digital løysing. Før jul kjem det på plass ei løysing med togreiser til Sverige, og Europa er også på gang.

– Det vil kome på eit tidspunkt, me må berre få det til raskt nok, seier Kofoed.

Dårleg toginfrastruktur

Men det er meir som skal til for at dei nye togtilboda kan bli ein reell konkurrent til flya for folk flest, meiner reiseeksperten i Vagabond.

– Noreg er blant dei landa i Europa med dårlegast tognett. Linjene er rett og slett for gamle og slitne og me er isolerte frå det gode tognettet i Sør-Europa. Og det er mykje som står att for å ta oss effektivt til Tyskland og Sør-Europa.

– Dei norske politikarane ligg langt etter dei svenske, meiner Eilert Larstorp Paulsen og siktar til at regjeringa der har løyva 50 millionar kroner til auka satsing på tog ut av landet i år.

På togstasjonen i utkanten av Drammen er dei spente på om det nye tilbodet vil få reiselystne nordmenn til å kutte fly.

Erik Baadstø

Erik Baadstø i togreiser.no har flest eldre kundar og er spent på om dei er så miljøbevisste at dei vil ta toget heile vegen.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Me har fått god respons, men det står att jo å sjå om folk verkeleg vil ta tog frå Noreg. Ein brukar jo så klart lengre tid og det vil koste meir. Men me meiner ein får mykje for pengane, seier Baadstø.