Hopp til innhold

Vil bygge ut samanhengande

Regjeringa vil ha slutt på vegutbyggingar stykkevis og delt. No foreslår dei å bygge ut E16 mellom Skaret og Hønefoss i ein jafs.

Kø E16 ved Hønefoss

Det kan til tider vere lange køar på E16 mellom Sandvika og Hønefoss. Regjeringa meiner utbygging av vegen kan gjerast raskare enn planlagd.

Foto: Maria Elsness / NRK

Stortingsrepresentant for Buskerud Høyre, Trond Helleland, ønsker å få slutt på klattvis bygging av vegar i Noreg. No foreslår han at E16 mellom Oslo-regionen og Hønefoss blir eit pilotprosjekt for raskare utbygging.

Vegselskap skal få fortgang i sakene

– Først skal strekninga Bjørum-Skaret på plass, men den ligg allereie inne i Nasjonal transportplan. Så ser vi at heile strekninga mellom Sandvika og Hønefoss er eit godt prosjekt for å teste ut offentleg-privat samarbeid, altså såkalla OPS, seier Helleland.

Trond Helleland

Stortingsrepresentant Trond Helleland ønsker å gjennomføre heile utbygginga av ny E16 på ein gong.

Foto: Mohammed Alayoubi/ NRK

Regjeringa har planar om å etablere eit vegselskap som skal få fortgang i utbygging av vegar i Noreg. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har tidlegare sagt at dette selskapet skal vere på plass i 2015. Ny E16 kan bli gjennomført i dette selskapet, dersom det kjem på plass, seier Helleland.

– Alle som køyrer over Sollihøgda ser at strekninga går frå ein fin firefelts veg til å om lag gå rett i fjellveggen. Det har vorte eit eksempel på korleis ein ikkje skal drive utbygging av veg. E16 bind Hønefoss saman med Oslo. Det er ein av dei viktigaste strekningane mellom aust og vest, seier Helleland.

Bilistane må vere med på å betale

Ny E16 ver 2

Kartet viser de fire mulige trasevala. Den grøne, med tunnel, vernar mest matjord. Den blå kan vere med på å fremme næringsutvikling i større grad.

Det blir slett ikkje bomfrie løysingar dersom ein ny E16 skal på plass. Regjeringa meiner likevel at den raske utbygginga dei vil ha på plass kan bety kortare, og billigare, periode med bompengar.

– Vi har sagt at vi skal over-oppfylle Nasjonal transportplan, det vil seie at vi skal lage meir veg enn det som ligg inne i planen.

–Kor mykje skal bilistane betale for å få fortgang i bygginga?

– Det er klart at i dei store vegprosjekta så ligg det i korta er at bilistane må bli med på spleiselaget. Men vi vil at den delen skal bli så liten som mogleg. Det at vi tek sikte på å gjennomføre vegprosjekta kanskje dobbelt så raskt som tidlegare planlagt, betyr og at prislappen til slutt blir lågare, seier Helleland.