Hopp til innhold

Ingen har hoppa over dette landemerke før Vetle (14)

Mørkgonga har blitt eit kjent og spektakulært turmål på Ringerike. Vetle Gangeskar (14) ville bli den fyrste til å hoppe over på ski.

Hoppar på ski over Mørkgonga

Vetle Gangeskar og kameratane Sole og Gabel Andresen gjorde noko ingen har gjort før dei sist helg.

– Det er ganske kult å tenkje på at me var dei fyrste som hoppa over.

Vetle Gangeskar (14) frå Ringerike fortel om ein familietur litt utanom det vanlege.

Friflyt omtalte turen fyrst.

På ski over Mørkgonga

Mørkgonga er ein spektakulær fjellsprekk.

Foto: Pelle Gangeskar / NRK

Satsar på frikøyring

Saman med pappa Pelle og to kameratar tok dei skia på ryggen og gjekk den bratte turen opp til Mørkgonga i Krokskogen.

Turmålet som er ein sprekk i fjellskrenten har blitt svært populært dei siste åra på sommarstid, men få har vel tenkt tanken om å hoppe over på ski.

Noko Vetle har gjort mykje.

– Eg hadde vore der på sommaren og sett. Og med den snørike vinteren me har i år begynte me å fable litt om det. Det blei ein liten draum, til lengre me kom opp, til meir motiverte blei me, fortel 14-åringen som driv aktivt med frikøyring.

Mørkgonga på Krokskogen

For å kome til Mørkgonga går ein opp frå Steinsfjorden. Vetle brukte 40-50 minutt med ski på ryggen for å kome opp

Foto: Nina Didriksen / NRK

Ikkje for nybegynnarar

Pappa var med som sikkerheitsansvarleg og fotograf.

– Vetle hadde ein plan om å hoppe over Mørkgonga og meinte det skulle la seg gjere. Eg sa ikkje ja med ein gong, men måtte ta ein risikovurdering. Her var det låg risiko, men veldig høg konsekvens. Me måtte finne ein plan så han ikkje kunne dette ned i sjølve sprekken.

Og legg til at 14-åringen har stor erfaring på ski.

Vetle Gangeskar

Vetle Gangeskar konkurrerer i freeride og satsar på å bli så god som mogleg.

Foto: Privat

– Han driv aktivt med freeride-køyring, der det handlar om å køyre ned fjellsider. Dette er ikkje noko for nybegynnarar og ein må vere dyktig på ski og sterk mentalt, seier Pelle Gangeskar.

Sonen innrømmer at det kunne ha vore farleg.

– Det kunne sjølvsagt gått gale, viss ein hadde feilrekna litt i lufta eller bomma på hoppet.

Vil gjere det igjen – med større hopp

Vel oppe bygde dei hopp og sette opp sikkerheitsnett og liner mellom dei to klippene. Vetle og brørne Sole og Gabel Andresen frå Oslo fann ut kor mykje fart dei trengde.

Mørkgonga

Vetle har lyst til å gjere stuntet igjen, men da med eit enda større hopp.

Foto: Pelle Gangeskar / Privat

– Sole hoppa fyrst og det gjekk fint. Da blei det mindre skummelt for oss andre. I lufta tenkte at eg måtte kome over og at landinga kom til å bli ganske flat, men det gjekk bra.

Det blei fire hopp kvar, medan pappa knipsa bilde.

– Eg blir litt glad kvar gong eg ser på bilda. Dei er kule. Eg har lyst til å gjere det igjen, men da med eit større hopp.