NRK Meny

Vel fleire stamvegar

Regjeringa vel å spreie trafikken mellom aust og vest på fleire stamvegar. Det har vore kamp mellom riksveg 7 Hardangervidda og riksveg 52 Hemsedal om å bli den andre stamvegen, i tillegg til E134 Haukelifjell. No blir det begge to. Regjeringa ønsker å styre tungtrafikk og næringstransport over riksveg 52 Hemsedal og personbilar og turisttrafikk over riksveg 7 Hardangervidda.