Hopp til innhold

Var på revejakt – skaut grevling på over 19 kilo

Jegaren trudde ikkje sine eigne auge da han såg kor stor grevlingen han hadde skote var.

Grevling
Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

NRK har vald å ta bort namnet til jegaren og bilde av han av omsyn til jegaren. Dette er ei endring frå den fyrst publiserte versjonen av saka. Teksten er også oppdatert med eit ekstra sitat frå jegaren.

– Ein blir jo veldig lang i maska når ein kjem fram til dyret og ser noko som dette. Det var litt surrealistisk.

Jegaren hadde i helga lagt ut åte på eit jorde i Buskerud. Målet var å jakte rev, men det var noko heilt anna som dukka opp på åtet.

Trudde fyrst det var bikkje

Fyrst trudde han det var ei bikkje han såg i det høge graset, og rifla blei lagt vekk og kikkerten fram. Etter eit par ord med jaktkompisen forstod dei at det i staden var den største grevlingen dei nokosinne hadde sett.

– Eg har sett ein del grevling opp gjennom, men aldri noko som denne. Det er heilt sikkert den største som er skoten her i distriktet iallfall, seier han og kikkar bort på grevlingen som han har akkurat vege til 19,1 kilo utanfor huset.

Det var Bygdeposten som fyrst omtalte saka.

Jegaren presiserer at grevlingen blei skoten eit godt sykke unna åtet som var lagt ut for rev – og godt utanfor åteljoset.

– Eg veit godt at grevling ikkje skal skytast i ljos, derfor blei ikkje dyret felt før i skogkanten langt utanfor lysstripa der eg meinte det var forsvarleg å skyte, sier jegaren.

Vekta på ein hanngrevling ligg vanlegvis mellom 9 og 17 kilo, men ifølgje Folkehelseinstituttet er heilt opptil 22 kilo registrert.

Innanfor tillate jakttider er det lov å drive fangst av grevling. Frå 21.august til 31.januar er det lov i heile landet.

Håpar på gull

Mannen er ein ivrig jeger og brukar mest tid på rådyrjakt. For han er det viktig og også jakte på rovdyr som rev, spesielt når det har vore lite rådyr dei siste åra. Derfor var han ute for å jakte rev denne kvelden.

– Skal du jakte på dyr som ein skal ete må ein også ta ut predatorar.

Nå gler han seg til å få svar på kor stor grevlingen faktisk er.

Etter at den er sendt til han som skal garve skinnet, får han tilbake skrotten og hovudet blir sendt inn til bedømming. Det er kraniet utan underkjeve som blir målt av trofedommarar i Norges jeger og fiskeforening.