NRK Meny
Normal

Vanskeleg å køyre mellom aust og vest

Det er no umogleg å krysse Hardangervidda for å komme seg mellom Aust- og Vestlandet. Brøytebilsjåførane klorar seg fast og håper på betre vêr.

Uvær Dagali

Fylkesveg 40 vart stengt i dag på grunn av uvêret. Bildet er tatt tidlegare i dag på Dagalifjell. Fredag kveld åpna ein for kolonnekøyring. Men den tek deg berre halve vegen.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det er ikkje sikt til å brøyte, det dukkar opp ei brøytestikke her og der, men det er uråd å halde fram. Det må ein fresar til for å få eit hol gjennom skavlane for at vi skal kunne brøyte, seier Bjørn Melbye, brøytebilsjåfør frå Vikan Entreprenør.

Dersom du skal køyre mellom Austlandet og Vestlandet fredag kveld, er det kun åpent over Filefjell (E16) og Strynefjell (Rv15). For dei fleste bilistane er det E16 som er siste alternativ.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er ikkje eit alternativ, for der er det mange timar til neste kolonne kan komme over fjellet, melder Statens vegvesen.

Resten av fjellovergangane mellom aust og vest er stengde.

Få oversikt over trafikken her.

Kan ta tid før det endrar seg

Brøytesjåfør Bjørn Melbye

Brøytesjåfør Bjørn Melbye har parkert brøytebilen og korkje han eller kollegaene får brøytte før vinden på Hardangervidda roar seg. Kanskje må mannskapet vente til i morgon før det skjer, melder Meteorologisk institutt.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– No ser det veldig dårleg ut. Det føyker overalt. Vi klorer oss fast i brøytebilane våre, seier Bjørn Melbye, som rett nok drikk ein kopp kaffi i ventebua saman med mannskap frå Mesta akkurat no.

Meteorologisk institutt kan ikkje love mindre vind utover natta. Øyvind Johnsen fortel at det er liten kuling over alt i fjellet:

– Og kanskje meir enn liten kuling fleire stader. Det ser ikkje ut til å løye før utpå ettermiddagen laurdag, seier Johnsen.

Skal prøve med snøfresar

Brøytebilsjåfør Melbye har snakka med mannskapet på Hordaland-sida og seier ein vil forsøke å køyre ein snøfresar over, dersom vinden tillèt det i natt.

– Vi brøytebilsjåførar har det greitt i slikt vær, men det er ikkje like kjekt for bilane som må køyre i kolonne bak oss.

Det er maksimum 25 bilar som får bli med om gangen. Men RV7 er stengt fram til i morgon uansett.