NRK Meny
Normal

Utvidar søket etter Belur Sardar

Politiet ynskjer no tips om den sakna Belur Sardar allereie frå mars.

Belur Saldar

Utanom ektemannens opplysningar om at den 29 år gamle kvinna forsvann frå heimen i Mjøndalen 30. april, har politiet ingen andre observasjonar av kvinna sidan midten av mars.

Lensmann i Nedre Eiker, Øyvind Aas, seier at ektemannen framleis har status som meldar i saka, sjølv om dei no utvidar perioden dei ynskjer opplysningar om.

Kvinna skal ikkje ha hatt mobiltelefon eller reisedokument med seg då ho forsvann.

- Kvinna har levd eit skjerma liv, og me har ingen elektroniske spor me kan følgje i denne saka, seier Aas.

 

Les mer:

Uten spor etter Belur

Vil avhøre barna

Etterlyser Belur (29)