NRK Meny
Normal

Unike gaupe-bilde: – Aldri høyrt at nokon har kome så nært

Tuva Thorson stod berre 20 centimeter unna og filma heilt nyfødde gaupeungar. Zoolog Petter Bøckman kallar bilda heilt eineståande.

Sjå eineståande bilde av korleis gaupemor Ingrid ammar dei to foreløpig namnelause gaupeborna.

– I utgangspunktet ser ein jo ikkje gauper i det heile tatt. Eg har aldri høyrt at nokon har klart å filme ei gaupemor på så kort avstand før.

Petter Bøckman synest det er smått utruleg å høyre om det Tuva Thorson har filma på Langedrag.

Ekstremt skye dyr

Laurdag kveld fødde gaupemor Ingrid (6) sitt andre kull på besøksgarden i Numedal. To små gaupeungar såg dagens ljos. Og der gaupene på Langedrag tidlegare har blitt borte for å ta vare dei nyfødde i skjul, har Ingrid lagt seg til rette i eit lite hus.

Tuva Thorsson utanfor gaupeskjulet

20-30 centimeter unna gaupemor sat Tuva Thorsson, drivar på naturparken Langedrag måndag.

Foto: Privat

– Dette har me ikkje opplevd før. Det er heilt fantastisk å sjå kor trygg ho er og korleis ho let oss å kome tett innpå, seier drivaren av naturparken.

Thorson fortel at gaupa er fødd i det fri, men blei tatt hand om av Dyreparken i Kristiansand etter at mor blei påkøyrd av eit tog. Etter to år i sør kom ei svært sky gaupe til Langedrag, der ho etter kvart har sleppt Tuva og gjester i parken nærmare og nærmare.

Gaupemor Ingrid

Ingrid blei funne av viltnemnda langs skinnene ved Sørlandsbanen berre nokre veker gammal. Mor var død og Ingrid voks opp i Dyreparken.

Foto: Tuva Thorsson / Privat

– Veldig få har filma gaupe

Zoolog Bøckman fortel at gaupa har ei heilt spesiell intimsfære.

– Dei har ein heilt soleklar intimsfære og ikkje minst når dei har nyfødde ungar. Når me har sett slike fantastiske bilde frå BBC så har dei gjort dritjobben med å legge eit kamera inni i hiet. Det som er eineståande her er at Tuva har stått så nær og filma, forklarer Bøckman.

Petter Bøckman

Zoolog Petter Bøckman fortel at det er heilt spesielt kor nært dei har kome gaupa på Langedrag.

Foto: Petter Sommer / NRK

Han ber oss ringe naturfotograf for både Discovery, BBC og NRK, James Ewen som har enda meir peiling på korleis det er å filme eit så sky dyr som gaupa.

Engelskmannen busett i Oslo bekreftar.

– Det er veldig få som har filma gaupe. Eg har ikkje, og det er uvanleg at gaupemora tillèt at ein kjem så tett innpå. Det er tydeleg at ho ikkje føler fare og stolar på folka rundt ho, seier Ewen som akkurat har kome heim frå filming i Varanger for National Geographic.

James Ewen filmer Oslos ville hjerte

Naturfilmfotograf James Ewen har filma dyr på dei fleste kontinent, men aldri gaupe.

Foto: Thor Håkon Ulstad

Kjente att morskjensla

Tilbake på Langedrag er Tuva Thorson framleis i ekstase over det spesielle møtet. Da ho stod utanfor det vesle gaupehuset kunne ho kjenne seg sjølv att i Ingrid.

– Det var nesten så eg kjente igjen lukkekjensla frå da eg blei mor da eg såg ho ligge der med borna sine. Det verka som ho også kjente på det velvære ein føler som nybakt mor, smiler Tuva.