NRK Meny
Normal

Ulovleg heismontering

Heisen i nytt leilighetsbygg i Drammen blir montert av ulovleg polsk arbeidskraft, meiner fagforeninga til heismontørane.

Fagforeninga påstår nå at et polsk firma driv ulovleg arbeid når dei nå monterer heisen i nybygget Bueslaget i Drammen.

Det er det norske firmaet Elevator som har oppdraget med å montere heisen, men på grunn av stort arbeidspress er det eit polsk firma som utfører jobben for Elevator.

 

Problemet er at det polske firmaet ikke er meldt inn i registeret over firmaer som har rett til å utføre elektriske anlegg. Dermed har ikke deres ansatte bare lov til å delta i slikt arbeid under tilsyn av et firma som står i dette registeret, sier Rune Larsen, leiar i fagforeninga til heismontørane.

Dagleg leiar i Elevator, Bjørn-Ove Bertelsen, seier dei har gjort mykje for å finne ut kva reglar som gjeld for å engasjere utanlandske arbeidarar. Dei har til dømes rådført seg med advokatar. Likevel må innrømme at alle formalia ikkje er i orden ennå, men det skal det bli i løpet av få dagar.

Men påstanden om at tryggleiken i heisar montert av polakkar ikkje er god nok avviser Bertelsen blankt. Reglane dei følgjer blir følgt i heile EU.

Fagforeninga til heismontørane vil også undersøke om polakkane blir utsette for det dei kallar sosial dumping og underbetaling.

Timelønna til polske fagarbeidarar er 24 euro i timen, til ufaglærte 21 euro, svarar Bjørn-Ove Bertelsen i Elevator. Dessutan bur dei på hotell i Drammen og får 400 kroner pr dag i diett.

Fagforeningsleiar Larsen meiner også norske styresmakter er for godtruande i slike saker og derfor set dei nå foten ned.

Dagleg leiar i Elevator, Bjørn-Ove Bertelsen, meiner på si side utspelet er ein aksjon for å ramme hans firma fordi arbeidarane der ikkje er med i fagforeninga.