Hopp til innhold

Tusenvis vil på alpakkautstilling i Flå: – Folk trur ikkje det er ekte

Over 12.000 personar seier på Facebook at dei er interessert i å delta på Alpakkautstilling 2018 i Flå. Utan at arrangørane har gjort noko som helst for det.

Alpakkautstilling

Alpakkautstilling er slettes ikkje tull som mange trur på Facebook. Slik såg det ut på utstillinga i Flå i fjor.

Foto: Mona Ødegård / Norsk alpakkaforening

– Det spørst om Olav Thon burde spandert meir pengar til ein større hall.

Alpakkabonde Bjørn Brændshøi må nesten le litt av det heile. Han er styreleiar i den norske alpakkaforeining, og aldri sett ei så stor interesse for dyra.

Alpakka og Bjørn

Bjørn Brændshøi er alpakkabonde på Romerike og styreleiar i den nasjonale foreininga.

Foto: Privat

Denne hausten har tusenvis av Facebook-brukarar trykka interessert, deltek og liker på utstillinga foreininga skal ha i Flå i april.

– Det har vore ei enorm interesse. Folk lurar på om det er eit reelt arrangement og om ein faktisk driv med alpakka i Noreg. Då svarar me at jo det er eit ekte arrangement og at dei berre må kome og sjå, ler Brændshøi.

Alpakka i Sigdal

Anne Line Nubberud og mannen har drive med alpakka på garden ved Prestfoss i Sigdal sidan 2006. Dei driv blant anna med oppdrett av dyr, ullprodukt og tek imot gruppebesøk.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Han forstår at den store interessa kan kome av trenden frå 2016, der mange melde seg på arrangement som «kurs i brødskjering» eller «klapp ein glasmanet».

Rett og slett tullearrangement, noko absolutt ikkje Alpakkautstillinga 2018 er.

– Her skal 100–125 av dei flottaste avlsdyra me har i Noreg vise seg fram. Det er litt som ei hundeutstilling der dyra går rundt i ein ring slik at dommarane kan vurdere dei. Dei ser blant anna på ullkvaliteten, fortel Brændshøi.

Skjermdump frå Facebook

2700 personar har klikka på deltek og 9600 på at dei er interesserte i arrangementet Alpakkautstilling 2018. Til vanleg samlar utstillinga 50–100 gjester.

Foto: Skjermdump

Han trur ein del av årsaka til den store interessa, er korleis dyra ser ut.

– Dei ser jo veldig bamsete og trivelege ut. I Sverige er det mange som brukar dei til terapisamanheng, og dei er ofte så koselege som dei ser ut.

– Om ein ikkje har møtt ein alpakka før, håpar jo mange at dei kan slenge seg om halsen på dei, men det er det ikkje alltid dei likar. Med mindre dei er trent til det, forklarer alpakkabonden.

Skjermdump

Etter at så mange trudde det berre var tull måtte alpakkaforeininga legge ut melding om at dette var eit høgst reelt arrangement.

Foto: Skjermdump

Landbruksnæring i vekst

På ein av landets største alpakkagardar i Sigdal, merkar dei at det ikkje berre er veksande interesse for dyra på Facebook.

– Stadig fleire som kjem på besøk for å sjå og det er stor etterspurnad på produkta våre. Me merkar folk set pris på å kjøpe alpakka-produkt frå oss som driv i Noreg og ikkje berre kjøpe frå utlandet, seier Anne Line Nubberud som vil ta med seg nokon av dei 120 dyra til Flå i april.

Alpakka i Sigdal

Alpakkaen er opphavleg frå Sør-Amerika, og må ikkje bli forveksla med lama. Alpakkaen er mindre og har ein heilt anna fiber. Alpakkaer produserer ein av verdas finaste og mest luksuriøse fiber.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Må legge ein plan

Så er spørsmålet kva som skjer om kva som skjer viss dei 2700 personane som har trykt på deltek, og nokon av dei 9600 som seier dei er interesserte, kjem til Flå på utstilling.

– Så mange kjem det nok ikkje, men me veit at mange av dei som seier dei skal, faktisk har planar om det. Det blir mange fleire enn det brukar å vere. Me er i gang med ein plan for å handtere fleire folk, seier Brændshøi.