Hopp til innhold

Treng ein heim til mindreårige flyktningar

Berre i Buskerud er det i dag 17 mindreårige barn som har flykta hit som anten ventar på fosterheim, eller på å få asylsøknaden handsama. Over fem hundre barn på flukt er venta til Noreg i år.

Guttebein på Mysebu ankomsttransitt

Dei har opplevd ting i heimlandet og på reisa som flyktning som barn ikkje skal trenge å oppleve. Dei ber på stor sorg, fortel fosterheimstenesta.

Foto: Randi Elise Midtskog / NRK

I tida framover kjem det til å bli store behov for fleire fosterheimar. Berre dei siste vekene har det kome fleire titals einslege mindreårige flyktningar til Noreg. I Buskerud er det fem barn som har fått opphald og som ventar på fosterheim. Tolv barn ventar på å få asylsøknaden behandla, og dei får som regel denne godkjend.

Bjørg Garder, avdelingsleiar for fosterheimsrekruttering i Buskerud er på leit etter fosterheimar til dei.

Bjørg Garder, avdelingsleder for fosterhjemsrekruttering i Buskerud.

Bjørg Garder, avdelingsleiar for fosterheimsrekruttering i Buskerud ønskjer kontakt med mange fleire familiar som kan tenke seg å lage ein heim for mindreårige barn som flyktar til Noreg.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

– Det som er likt for alle desse barna er at dei er åleine. Dei har opplevd ting i heimlandet og på reisa som barn ikkje skal trenge å oppleve. Dei ber på stor sorg. mange av desse barna treng ein familie å støtte seg til.

– Det må stille store krav til familiane som skal ta seg av desse barna?

– Det er alltid strenge krav til dei som skal bli fosterforeldre, i Buskerud er det heldigvis ein lang tradisjon for å ville hjelpe. Mange kjem til oss for å bli fosterforeldre, men det er ikkje alle som kan bli godkjende, seier Garder.

Difor treng fosterheimstenesta mange fleire som ønsker å ta i mot einslege barn som kjem som flyktningar. Ventetida for å få komme til ein fosterheim skal vere tre månader, den er ofte lengre. Og no kan ventetida bli endå lengre.

Både barn på veg hit og barn som ventar

– Vi fryktar at det blir lengre fordi vi veit at det kjem fleire utover året. Vi reknar med minst 500 mindreårige einslege flyktningar. Dei kan bli på vent i omsorgssentera inntil vi finn fosterfamilie til dei, seier Garder.

Så langt i år har det kome over 330 einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år til Noreg. Dei fleste under 15 år som søker asyl er frå Afghanistan. Det kjem og barn frå Eritrea, Syria og Somalia. Hovuddelen av desse er gutar på 14 år, men det kjem og barn som er 10 år og yngre enn dette.

85 % (2014) av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år får vedtak om opphald, og skal busettast i ein kommune kor dei bur anten saman med andre barn eller i ein fosterheim, viser tal frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).

Flere nyheter fra NRK Buskerud