Hopp til innhold

Tre nye smitta på Hardangervidda: – Fleire har reist til andre fjellområde

Turistforeininga opplever at skituristar er redde for magevirus og vel andre fjellområde enn Hardangervidda. I dag er tre nye tilfelle av mageviruset påvist på tre forskjellige hytter.

Rondane, påske

Det ser ut som mange har vald Rondane framfor Hardangervidda. Det kan ha noko med sjukdomsutbrota på Hardangervidda å gjere, trur DNT.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Hyttene er godt besøkt, men det har vore noko avbestilling. Sjukdomsutbrota har nok hatt ein viss effekt, seier Henning Hoff Wikborg, leiar i DNT Oslo.

Mindre enn det har vore

Han kan melde om tre nye tilfelle av mageviruset på Hardangervidda, sidan førre oppdatering i går.

På dei betjente hyttene Rauhelleren og Mårbu blei to personar frakta ut i går, medan dei held på å frakte ut ein person frå den ubetjente hytta Kjeldebu i dag.

– Det er spreidde situasjonar i fjellet, men det er klart mindre enn det har vore. Me ser at det går omgangssjuke over heile landet, så det er naturleg at det vil kome eit og anna utbrot framleis, seier Wikborg.

Til nå i påska har det vore 46 kjente tilfelle av omgangssjuke på DNT sine hytter. Totalt har 52 påskegjester blitt transportert ut frå hytter på Hardangervidda.

Litlos

52 personar har blitt frakta ut av fjellheimen med sjukdom, blant her frå Litlos.

Foto: DNT

Det er ti hytter som har blitt råka av sjukdom.

  • Litlos
  • Sandhaug
  • Geiterygghytta
  • Rauhellern
  • Krækkja
  • Mogen
  • Mårbu
  • Middalsbu (sjølvbetjent hytte)
  • Kjeldebu (sjølvbetjent hytte)

Rondane har stor vekst

Denne påska leverer drøymeforhold for dei skiglade og trass i det store sjukdomsutbrotet er det fleire skituristar på Hardangervidda enn i fjor.

Høvringen

Rondane har hatt stor vekst i påsketuristar i år. Høvringen er ein av stadene som er populære

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Likevel merkar Turistforeininga at nyheitene om sjukdomstilfella som berre har råka Hardangervidda, har påverka påsketilstrøyminga.

– Det er litt færre av turistar som kjem tilfeldig inn. Me ser også at det kanskje er slik at folk reiser til andre fjellområde. Rondane har betydeleg vekst sidan i fjor.

Det verste er over

Leiaren i DNT Oslo og Omegn oppmodar framleis folk til å reise til å reise til Hardangervidda og trur det verste er over.

– Det ser ut som tiltaka me har gjort har hjelpt. Me har ikkje hatt hytter der ein stor prosentdel har blitt sjuke. Og me held fram med å vaske ned med klorin på alle fellesareal, seier Wikborg.

Det står iallfall ikkje på skiforholda om du held deg frisk.

– Det er nok mange som skulle ynskje seg litt mildare vêr, men det kalde fine vêret gjer at det er perfekte skiforhold. Det er nok ein oppleving å gå på vidda nå.