Tom er ein ekte Hottentot

Ullensaker kommune avgjorde å legge ned ein såkalla Hottentott-klubb i barnehagen, av frykt for å vere rasistiske. Det får Tom Hottentot frå Tranby til å undre seg.

Tom Hottentot

Namnet skjemmer ingen, meiner Tom Hottentot. Det er ikkje få gongar han har måtte forklare kor familienamnet kjem frå.

Foto: Heidi Elisabeth Odde / NRK

At Pippi Langstrømpe leikar kinesar ved å dra i auga og har ein pappa som er negerkonge, er for støtende og rasistisk for svensk TV. Filmane blir no klippa om. Ein barnehage i Ullensaker har lagt ned Hottentottklubben fordi namnet er for belasta. Men Tom Hottentot frå Tranby i Lier ber namnet sitt med stoltheit.

Familienamnet kjem frå Afrika

sørholtet barnehage

Egner-visa 'Vesle Hoa var en hottentott' har kvar veke blitt sunge i Hottentottklubben i Sørholtet barnehage. Etter reaksjonar i det norsk-afrikanske miljøet, har barnehagen bestemt at klubben blir lagt ned..

Foto: Fouad Acharki

– Faren min er frå Nederland. For 400 år sidan, då nederlendarane handla med Asia og Afrika, kom dei over ein stamme som dei synast snakka på ein spesiell måte. Dei kalla dei opp etter orda dei fanga opp, det blei til "Hottentot", seier Hottentot.

Folkegruppa var afrikanske urfolk, kalla "Khoikhoi", som betyr om lag "folke-folk". Denne veka har debatten gått, om kor vidt det går an å bruke eit slikt ord som Hottentott. På Sørholtet barnehage i Jessheim har kommunen bestemt seg for å legge ned ein barneklubb kalla Hottentott, for å ikkje støte nokon. Det synast Tom Hottentot er rart.

– Eg får heile tida høyre noko om etternamnet mitt. Anten synast folk det er særs kult, eller så tvilar dei på at det verkeleg kan vere namnet mitt. Og fleire har spurt om kva eg tenker om songen om vesle Hoa av Torbjørn Enger, seier han.

Blei kalla vesle Hoa av mora

Tom Hottentot

Tom Hottentot meiner Egner-songen om vesle Hoa beskriv ei anna tid og bør få vere i fred.

Foto: Heidi Elisabeth Odde / NRK

Sangen byrjar med linja "Det var en liten negergutt som hette Vesle Hoa.."

– Mora min kalla meg ofte "vesle Hoa" då eg var liten, flirer han.

Og han er slett ikkje sikker på at det er rett å endre gamle barnesongar.

– Når det er ein tradisjon, så synast eg det er litt rart å skrive om teksten. Den beskriv eit klima og ei tid som ligg fleire tiår tilbake. Det er kanskje litt annleis når det gjeld Hellbilies-songen "Ein neger på Ål stasjon", som er av nyare dato, seier Tom Hottentott, som er stolt av namnet sitt