Hopp til innhold

Tog spora av på Numedalsbanen

Eit tog lasta med flis har spora av og velta på Numedalsbanen. Det er store skadar på jernbanesporet.

Togavsporing Numedalsbanen 2

Eit godstog spora av på Numedalsbanen tirsdag ettermiddag. Fleire vogner velta og Jernbanetilsynet er på veg for å granske ulukka.

Foto: Torbjørn Barikmo

Toget frakta treflis frå Moeleven Flesberg og avsporinga skjedde mellom klokka 14 og 15 tysdag sør for Svene i Flesberg kommune.

Dagleg leiar i Moelven Numedal, Rune Frogner fortel at toget skulle transportere flis, som er eit restprodukt frå sagbruket, til Sverige kor det blir nytta i papirdustrien.

Togavsporing på Numedalsbanen

Jernbaneverket skal no granske togavsporinga som har øydelagt sporet på Numedalsbanen.

– Det er ein seks-sju vogner som har spora av og ligg halvvegs velta. Det er ikkje snakk om personskadar etter avsporinga, fortel Frogner til NRK.

På veg for å granske avsporinga

Jernbaneverket vart via omvegar varsla og undersøkte ulukkesstaden. Jernbanesporet er delvis øydelagt.

Togavsporing

Togsporet på strekninga, som vert nytta til godstransport, er sterkt skadd.

Foto: Torbjørn Barikmo

Pressevakt i Jernbaneverket, Harry Korslund, seier toget vanlegvis køyrer med låg hastighet.

– Vi vil ikkje spekulere i årsaka til avsporinga, men ulukkeskommisjonen skal granske det som har skjedd, seier han.

Han fortel og at den den svenske operatøren TX Logistic ikkje varsla Jernbaneverket om ulukka da den skjedde.

Opna igjen for treindustrien

Numedalsbanen vert nytta til flistransport frå Moelven Flesberg. Den var tidlegare stengt, men vart tatt i bruk att for godstrafikk i 2013. Banen har status som sidespor frå Kongsberg stasjon. Det var dit toget som spora av var på veg.

Jernbaneverket melder at oppryddingsarbeidet etter planen skal byrje onsdag. Statens havarikommisjon for transport er og varsla om ulukka.