Hopp til innhold

Politifolk fryktar for sikkerheita

Sommarvikarar rett frå politihøgskulen blir hasteopplært til ein allereie pressa operasjonssentral. Tillitsvalde er bekymra og fryktar det vil gå ut over sikkerheita til publikum.

Operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt

Operasjonssentralen i Tønsberg dekkjer eit område med 700.000 innbyggjarar frå Hardangervidda i nord til vestfoldkysten i sør (illustrasjonsbilde).

Foto: Politiet

– Mange har meldt frå om bekymringa si. Dei nyutdanna gjennomfører ein obligatorisk opplæringsplan, så dei kan eit minimum.

Men det er også det som er uroa i det. Kunnskapsnivået er på eit absolutt minimum, seier Paal Knutsen, nestleiar i Politiets Fellesforbund

Han har fått fleire bekymra meldingar frå medlemmene i politidistriktet Sør-Aust. Fire politidistrikt blei til eitt i april, og fekk ein samla operasjonssentral i Tønsberg.

Paal Knutsen

Paal Knutsen, nestleiar i Politiets Fellesforbund ser at det kan bli utfordrande på operasjonssentralen i Tønsberg i sommar.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Færre på jobb etter samanslåinga

Dei er færre på jobb der enn dei var da det var fire operasjonssentralar i dei tre fylka Buskerud, Vestfold og Telemark. Noko som har gjort det vanskelegare å nå politiet.

Når mange av funksjonane i sommar da blir erstatta av heilt ferske politifolk, har dei tillitsvalde slått alarm.

Dronning Sonja opnar operasjonssentral

Dronning Sonja opna operasjonssentralen i Tønsberg i april. Det har ikkje berre vore ein enkel start når fire operasjonssentralar har blitt til ein.

– Me ser på det som ein veldig utfordrande situasjon å bli sett i når ein kjem rett frå politihøgskulen, seier Paal Knutsen, nestleiar i Politiets Fellesforbund.

Det kan få fylgjer når det skjer store ting i eit så stort område frå Hardangervidda i nord til Stavern i sør.

– Dei har eit stort arbeidspress med den veldige geografien og det store trykket som er i distriktet i sommarhalvåret, med festivalar og arrangement over alt i alle helger og store delar av vekedagane, seier Knutsen.

Knutsen fortel også om bekymringsmeldingar på generelt dårleg bemanning, stort arbeidspress, og at overtid og beordring har vore løysinga for å klare og fylle vaktlister.

Hjartet og hjernen i politidistriktet

Hovudverneombodet i politidistriktet bekreftar at det er bekymring for bemanninga i sommar. Han seier operasjonssentralen er hjartet og hjernen i politidistriktet og at det krev mykje av dei som jobbar der.

– Operasjonssentralen skal representere tyngden kunnskapsmessig i distriktet i akutte fasar. Det er svært belastande å sitje der i og med at ein nå er så få, seier Fronth.

Per Fronth.

Hovudverneombod Per Fronth har fått mange bekymra tilbakemeldingar

Foto: Vegard Lilleås / NRK

Leiar for felles eining for operative tenester og dermed operasjonssentralen, Kenneth Berg meiner dette er ei god løysing.

– Det blir ei blanding av erfaring og sommarvikarar som har vore gjennom god opplæring. Ein del av dei har også fartstid frå politiet.

Er dette forsvarleg?

– Absolutt, me jobbar kontinuerleg for at det me produktet me leverer frå operasjonssentralen skal ha høgt nivå, slik at innbyggjarane våre skal få eit godt produkt. Det meiner eg me kan stå inne for også i sommar, seier Berg.