Hopp til innhold

Tidleg snø har gjort isen utrygg: – Kan bli ein skummel sesong

Løypesjefen i Skiforeningen er ikkje sikker på om dei kan køyre skiløyper over vatn i det heile tatt i vinter. Denne veka gjekk to skiløparar gjennom isen i Nordmarka.

Illustrasjonsbilde av usikker is

Det er stor variasjon på kor trygg isen er på forskjellige vatn. På vatn større enn 100 meter er isen svært tynn seier isekspert, Ånund Kvambekk i NVE.

Foto: Berit Keilen / SCANPIX

Sjølv med kalde dagar i det siste er det langt ifrå trygt å gå på vatna i dei store skogområda på Austlandet.

– Det er veldig få vatn foreløpig der me har målt tjukk nok is til at me trygt kan legge løyper der. Det kan sjå ut som det kan bli ein skummel sesong, seier Hege Sheriff, løypesjef i Skiforeningen som dekkjer skogsområda i fire fylke rundt Oslo.

Råsjøen i desember

Mange vatn er snødekte og ser innbydande ut om dagen. – Da er det lett å prøve seg utpå, særleg om ein ser skispor, seier isekspert Ånund Kvambekk i NVE. Han rådar alle til å ta måle isen sjølv. Bilde er tatt ved Råsjøen i Romeriksåsen, sist måndag.

Foto: Jarle Jensen / Skiforeningen

– Legg seg som ei dyne over isen

Grunnen er at isen på vatna ikkje blei tjukk nok før snøen kom og la seg over store delar av Austlandet førre veke.

– Snøen kom nokså fort etter og la seg som eit isolerande lag over isen. Da blir ikkje isen noko særleg tjukkare, det går iallfall veldig seint. Det blir som å legge ei dyne oppå isen, kulda slår ikkje ordentleg igjennom, forklarer Sheriff.

Løypesjef Hege Blichfeldt Sheriff

For istjukkelsen sin del hadde det vore best med mildvêr, men løypesjef, Hege Blichfeldt Sheriff ynskjer seg likevel meir snø til jul.

Foto: Nina Didriksen / NRK

Isekspert i Noregs- vassdrags og energidirektorat, Ånund Kvambekk, seier at bortsett frå små islagte pyttar må ein over 500-700 meter skal ein finne vatn som er farbare på Austlandet.

– Det er sjeldan det er trygt på denne tida av året, men det er klart om me ikkje hadde fått det snøfallet, ville isen ha vakse seg trygg med kuldeperioden me har nå. Slik som det er nå må ein sikre seg om ein skal ut på isen, seier Kvambekk.

Redda av tau

Han fortel at dei to personane som gjekk gjennom isen på Hakkloa i Nordmarka tidlegare i veka hadde gjort nettopp det.

– Dei hadde med seg tau, og han eine klarte å redde kameraten som gjekk gjennom isen 30 meter frå land. Utan tau hadde det vore ein kritisk situasjon, seier Kvambekk.

Hakkloa er eit av mange vatn Skiforeningen køyrer opp populære løyper på i løpet av vinteren. Det er ikkje sikkert dei kan i vinter. Det beste vêret nå er ironisk nok regn.

– Om det blir regnvêr og alt blir gjennomblautt over isen, vil det vere bra for å få isen tjukk. Får me derimot berre meir snø over den tynne isen som er nå, så vil det krevje veldig mykje kulde for å få isen tjukk nok. Da er spørsmålet om isen blir tjukk nok til at me kan køyre løyper, seier Sheriff.

Over Bjørnsjøen mot Kikutstua

Bjørnsjøen i Nordmarka er eit av dei mest trafikkerte vatna på Austlandet. Her går skiløypene til turisthytta til Kikut. Skiforeningen er usikker på når og om dei kan køyre løyper over vatnet her i vinter.

Foto: Nina Didriksen

Tjukk nok is i fjellet

Iseksperten hos NVE trur det framleis er mogleg at isen kan bli tjukk nok i løpet av vinteren.

– Det vil bli litt forseinka. Men det er sjeldan me får problem med isen i låglandet gjennom heile vinteren. Det kan ofte vere eit større problem i fjellet.

Alle stader der vatn strøymar under isen vil det være utrygt, slik som ved innløp, utløp og i tronge sund, minnar også Kvambekk om.

Webcam Kikut

Slik ser det ut frå Kikut og utover Bjørnsjøen 13.desember. Nå er isen alt for tynn til at ein kan gå eller køyre over.

Foto: Webkamera, Skiforeningen

Men i fjellet i Sør-Noreg gjorde kuldeperioden i november isen tjukk nok dei fleste stader, utanom dei største vatn som Gjende og Bygdin i Jotunheimen som framleis ligg opne.

Islagt vatn ser ikkje ut til å påverke langrennsdestinasjonane i høgareliggande i særleg grad. Ved Sjusjøen i Hedmark har dei alt ni mil med skiløyper som ikkje blir påverka av utrygg is.

– Me køyrer ikkje løyper på vatn, men har to løyper som går langs kanten av vatn. Dei ventar me med å køyre opp, seier løypeansvarleg Johannes Haukåssveen.