Hopp til innhold

Flyg med fansen

Strømsgodset har leigd eit eige fly for å komme seg til kampen mot Ranheim i kvartfinalen i cupen førstkommande laurdag.

Strømsgodset

Et slikt Widerøe-fly skal Godset fly med, sammen med fansen.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

På grunn av endra kamptider vurderte leiinga i Drammenslaget det som betre å skaffe seg eit eige fly i staden for hotellovernattingar for laget og staben.

Det kjem fansen til gode.

- Vi forsøker å komme oss av garde til kamp og tilbake same dag, for då slepp spelarane å overnatte for mange dagar på hotell. Dessutan sparer vi pengar på den måten. Men då fotballforbundet framskunda kamptidspunktet vart det vanskeleg ved å nytte rutefly, seier dagleg leiar i Strømsgodset Erik Espeseth.

Oppover kjem stemninga til å bli spent og litt smånervøs. Nedover frå kampen, dersom det går bra, kjem flyet omtrent til å flyge av seg sjølv.

Erik Espeseth

Flyselskapet Strømsgodset

For å fylle opp flyet har Strømsgodset fridd til fans og sponsorar. Med nærare 80 sete i flyet er det plass til også dei som skal skape stemning rundt grasmatta. For eit par tusenlappar får fansen fly og buss til kampen. Motstandar i kvartfinalen i NM er Ranheim, som spelar i førstedivisjon.

- Det blir bare hjarte som banker i blått på det flyet, flirar Espeseth. Oppover kjem stemninga til å bli spent og litt smånervøs. Nedover frå kampen, dersom det går bra, kjem flyet omtrent til å flyge av seg sjølv.

Leiaren er meir usikker på korleis det blir med humør og stemning i eit trangt fly dersom Ranheim skulle slå Strømsgodset ut av cupen i kvartfinalen. Det blir kort veg frå fans til slitne spelarar dersom vonbrotne supportarar treng å gi nokre klare meldingar til eit tapande Drammenslag.

Les: Deilas unggutter fortsetter å imponere

Strømsgodset

Ronny Deila (i midten) tar med seg spelarane og flyg med fansen.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- Da trur eg det blir dystert

Ranheim ligg på tredjeplass i førstedivisjon, medan Strømsgodset ligg på femteplass i eliteserien. Det kan bli ein tett kamp kor begge lag har mykje å tape ved å ryke ut. Strømsgodset mest av begge.

- Eg trur det kjem til å bli ein særs spanande kamp. Ranheim er som Strømsgodset eit lag som har overprestert i høve til økonomi og ein del andre faktorar. Det er ingen grunn til å undervurdere motstandaren, seier Espeseth.

Det finst visstnok enno eit titals ledige seter hjå Flyselskapet Strømsgodset. Det gjenstår å sjå korleis stemninga blir blant chartersupportarane på veg heim frå Trøndelag.