Hopp til innhold

Straumstans i heile nedre Buskerud

Straumen er attende etter ein straumstans som omfatta heile nedre Buskerud. 50 000 abonnentar blei råka.

straumstans

NRK, som forsøkte å finne ut av straumstansen, hadde sjølv berre naudstraum på nokre få pc-ar.

Foto: Heidi Elisabeth Odde / NRK

Store delar av Buskerud gjekk i svart rett før klokka 15 torsdag. Straumen var borte i om lag 20 minutt.

Nedre Eiker, Røyken, Hurum, Øvre Eiker, Sigdal og Lier blei og råka. Deler av Asker mista og straumen.

Det fekk følger for drift av mykje av den elektriske infrastrukturen i området. Drammen sykehus og Drammen politistasjon hadde naudstraum.

Trond Eriksen driftssjef i EB Nett fortel at dei ikkje har reparert skaden som førte til straumstansen, men kopla seg forbi problemet.

Brann i transformatorstasjon

– Det var ein brann i ein brytar i Flesaker transformatorstasjonen i Øvre Eiker, som er hovudmatinga til heile nedre Buskerud. Det førte til at det blei veldig raskt mørkt i området, seier Eriksen.

– Korleis kan det skje?

– Mest sannsynleg har det vore dårleg kontakt i brytaren som slo ut. Det er sårbart når slikt skjer, men samstundes har vi eit godt utbygd nett som gjer at det gjekk raskt å kople seg utanom, fortel han.