Hopp til innhold

Stoppa ikkje for politiet

Ein bilførar stoppa ikkje for politikontroll seint i natt, og enda opp med å køyre inn i ein taxi i Rosenkrantzgate i Drammen. Det var passasjerar både i bilen som stakk av og i taxien som vart påkøyrt, men ingen skal ha blitt skadde. Bilføraren vart tatt med til legevakta for blodprøve.