Hopp til innhold

Vatnet stig i Drammenselva - beredskapen er klar

I Mjøndalen ligg gang og sykkelvegen under vatn og elva veks fortsatt. Mannskap frå Nedre Eiker kommune er klare til å rykke ut.

I Mjøndalen fylgjer dei nøye med på vasstanden sjølv om den ikkje er venta å auke mykje gjennom helga.

Undergang i Mjøndalen

Gangvegen under E134 er fyllt med vatn frå Drammenselva.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Laurdag var vasstanden 2 meter og 30 centimeter over normalen. I Nedre Eiker er det full kriseberedskap om vatnet stig med 30 centimeter.

På sine nettsider melder NVE at flaumfaren i Buskerud og Oppland blir nedgradert til oransje. Vatnet stig framleis i Drammenselva og fleire stader i landet. Vêret framover kjem til å vere avgjerande for korleis flaumen utviklar seg og om E134 gjennom Nedre Eiker må stenge.

Full oversikt kan du sjå her.

Når flaumtoppen i løpet av helga

NVE ventar at drammensvassdraget når flaumtoppen i løpet av helga.

– Den øvre delen av drammensvassdraget når nok toppen i løpet av helga. I nedre del ved Drammen og Nedre Eiker kjem flaumtoppen truleg i neste veke, seier Peter Borsányi i NVE.

Klare for store vassmengder

Flomsikring Nedre Eiker

Tyngda av vatnet trykker gjerdet ned og hindrer at vatnet treng inn.

Foto: Chetan Rastogi / NRK

På fredag gjorde Nedre Eiker fleire forberedingar for flaumen. Dei tok i bruk eit nytt sikringssystem utvikla av to ingeniørstudentar på NTNU.

– Me er dei første som brukar dette systemet, seier ordførar i Nedre Eiker, Bent Inge Bye.

Gjerdet skal halde vatnet tilbake og gjer at vatnet må auke endå 90 centimeter for å komme over. Vegen går langs Drammenselva bak Buskerud storsenter og skal vere sikra av det 400 meter lange gjerdet.

– Me bruker det same systemet lenger nede i Mjøndalen og me sikrar der me ser det kan bli kritisk, seier ordføraren.

Vatnet gjekk tilbake på Nesbyen

Flom Nesbyen

På Nesbyen kom vatnet opp over vegen og inn på parkeringsplassen i går.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

På Nesbyen stod vatnet opp på parkeringsplassen ved COOP Extra og Shell i går. Vatnet skada fleire hytter på campingplassen i går. No har vasstanden gått ein halv meter ned og mellom anna parkeringsplassen er no fri for vatn. Riksveg 7 opna igjen laurdag ettermiddag.