Startar innsamlingsaksjon for Gulskogen-etterlatne

Bistandsadvokaten til dei etterlatne etter dødsbrannen på Gulskogen i 2008 har merka stor pågang frå folk som vil gi pengar til familiane til dei sju som døde og mannen som vart hardt skadd.

Dødsbrann på Gulskogen i Drammen

Sju menneske omkom i brannen på Gulskogen i 2008. No kan det bli innsamlingsaksjon for dei etterlatne familiane.

Foto: Trond Rasch / Drammensregionens brannvesen

NRKs Brennpunkt-redaksjon peika i førre veke på korleis ingen har fått ansvaret for at sju polske arbeidarar døde i ein eksplosiv brann på Gulskogen i Buskerud, natt til 9. november 2008.

Thomas Benestad

Advokat Thomas Benestad seier det blei særs vanskeleg for dei etterlatne familiane å få erstatning etter dødsbrannen.

Foto: NRK

– Veldig mange er sjokkerte og sinte over korleis desse etterlatne har blitt behandla. Dei ønskjer å gi økonomisk stønad til familiane, seier advokat Thomas Benestad.

Han vart utnemnt som bistandsadvokat for familiane som vart hardt råka av dødsbrannen. Benestad forsøker framleis å hjelpe dei på fleire nivå.

– Det var kaotisk

Brann på Gulskogen

Brannmannskapet som kom til staden kort tid etter den vart meldt inn, kunne lite gjere. Fem av dei sju omkomne vart funne på loftet, kor det var berre ein rømmingsveg.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

På måndag skal advokaten ha eit møte for å sjå om dei kan organisere ein formell innsamlingsaksjon. Det var nemleg lite å hente hos forsikringsselskapa etter brannen.

– Forsikringsoppgjeret var veldig vanskeleg. Fleire av dei som omkom var ikkje registrert trygde eller skattemessig. Dokument brann opp og mange av dei involverte personane og selskapa forsvunne eller gjekk konkurs. Det var kaotisk.

Forsikringsselskapet huseigaren brukte, Gjensidige, gjekk til slutt med på å gi ei mindre utbetaling. Det vart i snitt 100 000–200 000 kroner per familie som vart råka av brannen.