Hopp til innhold

Står i kø for å bygge hotell

Investorar i kø for å bygge i Drammen. Det er planar om å bygge ni nye hotell dei næraste åra.

Hotelltomt Drammen
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Drammen kan bli Noregs kurs- og konferanseby om få år.

- Det er utviklinga i Drammen dei seinare åra, samstundes som at flytoget kjem til byen neste sommar, som gjer Drammen svært interessant, seier Jan Rivelsrud, som eig Rica-hotella.

Rica er ikkje åleine

Rivelsrud seier at Rica-kjeden skal bruke ein månad for å avgjere om dei skal bygge eit nytt storhotell i Drammen.

Men Rica-kjeden er ikkje åleine. På Union Brygge på Strømsø er dei også i full gang med å teikne eit nytt hotell, fortel administrerande direktør Trond Åsheim i Union Eindomsutvikling.

Det er ei stor hotellkjede som vil bygge hotellet, som får meir enn 150 rom.

- Tomta er ferdig regulert og byggearbeida kan kome raskt i gang, seier Åsheim.

Fleire storhotell

Ringeriksmannen Oddvar Røysi stadfester at han nå arbeider for fullt med sine planar om eit storhotell på heile 28 etasjar.

Hotellet skal byggast ved sida av Husbanken, også det på Strømsø, og ikkje langt frå Union Brygge.

Finansmannen Ola Mæle har presentert planar for hotell på Travbanen, mens Strømsgodset tenkjer seg hotell i samband med nytt stadion på Lierstranda.

Veit om fleire

I tillegg seier ordførar Tore Opdal Hansen at han veit om fleire.

- Eg veit om tre hotellkjeder og ein aktør på eigedomssida som er interessert i å bygge hotell i Drammensområdet, seier Opdal Hansen som ikkje vil gå ut med namn.