Hopp til innhold

Stal tannkjøttkuttar og bor

– Det er neppe ein norsk marknad for dette, seier tannlegen etter at tjuvar i løpet av julehelga tok med seg instrument og produkt for å utføre tannhelsearbeid. Verdiar for fleire hundre tusen kroner er stolne.

Innbrudd tannlegekontor

Tannlegen i Mjøndalen har mista tannlegeutstyr for store summar etter innbrotet. Spesialprodukt for å utføre tannhelsearbeid er stole.

Foto: Vegard M. Aas / Presse 3.0

Det var fullstendig kaos som møtte Rolf Enersen då han stakk innom tannlegekontoret sitt for å sjekke epost i dag. Han tok julefri vesle julaftan og kontoret i Mjøndalen har vore stengt sidan då. Tjuvane har av alle ting tatt med seg instrument, avtrykksutstyr og produkt for å gjennomføre tannpleie.

– Det såg ikkje ut her. I tillegg til tjuveriet av varer for opptil 200.000 kroner har gjerningspersonane gjort hærverk på kontoret, seier Enersen.

– Utanlandsk marknad

Innbrudd tannlege

Politiet forsøker å få oversikt over innbrotet hos tannlegen i Mjøndalen.

Foto: Vegard M. Aas / Presse 3.0

Politiet gjennomfører no undersøkingar av lokalet som er rasert etter innbrotet. Tannlege Enersen seier han ikkje kan forstå at det skal vere marknad for å omsette tannlegeprodukt her i Noreg.

Om det er ein marknad for dette utstyret, så er det i alle fall ikkje blant norske tannlegar, seier Enersen.

– Bor, tannkjøttkuttarar og mykje anna tannlegeutstyr er borte frå kontoret. Vi snakkar om store verdiar som er stole. Det er vanskeleg å seie noko om kva slags moglegheiter ein har til å omsette slike gjenstandar, seier operasjonsleiar Tore Nuven ved Søndre Buskerud politidistrikt.

Førebels har politiet ikkje nokon mistenkte etter innbrotet.