Hopp til innhold

Spedbarn døydde av alvorlege hovudskadar

Spedbarnet som blei flydd til Oslo universitetssjukehus med alvorlege skader i juni døydde fredag. Foreldreparet er framleis sikta for grov kroppsskade.

Foreldrepar siktet etter at deres barn er alvorlig skadd.

Politiinspektør Per Thomas Omholt i Sørøst politidistrikt etterforskar saka.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Eit foreldrepar frå Hønefoss blei sikta for betydeleg grov kroppsskade mot parets 11 veker gamle baby 15. juni.

Barnet hadde alvorlege hovudskadar da det kom inn på sjukehuset og helsepersonellet varsla politiet. Fem dagar etter tok politiet ut sikting mot paret.

Fredag ettermiddag døydde barnet på Ullevaal sjukehus.

– Familien tek det tungt

Politiet jobbar framleis ut frå tre teoriar om kva som kan ha forårsaka skadane på barnet.

– Me jobbar framleis ut ifrå dei tre hovudteoriane om at dette er skadar som er bevisst påført, ved eit uhell eller av medisinske årsaker. Me meiner det er grunn til å mistenkje at skaden er påført av dei to sikta foreldra, seier politiinspektør Per Thomas Omholt i Sørøst politidistrikt til NRK.

Forsvarar til det avdøde barnets far seier familien har det tungt.

– Familien tek det veldig tungt. Dette er djupt tragisk. Dei får god støtte frå andre i familien, seier forsvarar Jon Anders Hasle.

Forsvarar Jon Anders Hasle

Familien har det svært tungt, seier forsvarar Jon Anders Hasle.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Foreldreparet erkjenner ikkje straffskuld.

– Klienten min er djupt ueinig. Forsvaret baserer seg på den tredje teorien til politiet, medisinske årsaker. Me håpar me vil få klare svar på korleis skadane oppstå etter ei sakkunnig utgreiing, seier Hasle.

Vil vere unødvendig med rettssak

Advokaten til mora til barnet fortel at foreldra har vore klar over kva slags veg det har gått den siste veka.

– Tilstanden har vore dårleg den siste veka. Slik sett visste ein at dette kunne vere eit utfall. Likevel er det eit stort sjokk og familien er i djup sorg, seier forsvarar Andreas Nyhaug.

Han meiner det ikkje vil bli behov for rettssak når ein får svar frå dei sakkunnige.

– Eg reknar med at når dei svara kjem vil det vere heilt unødvendig med rettssak. Da vil ein forhåpentlegvis få svar på kva som har skjedd, slik at siktinga til begge foreldra blir fråfalle, seier Nyhaug.