Hopp til innhold

Ikkje dump desse i naturen

DRAMMEN (NRK): Ta med plantane til eit godkjent mottak, seier forskar. Men på fleire miljøstasjonar må du sjølv sortera dei framande artane vekk frå anna hageavfall.

Lupiner

Lupinar er ei av plantene på lista over framande artar.

Foto: Svein Olav Rønning

– Dei fleste hageplantane våre høyrer ikkje naturleg til i Noreg, fortel Siri Lie Olsen, forskar ved Norsk institutt for naturforsking.

Svartelista, no framandartslista, er ei oversikt over artar som utgjer ein risiko for artsmangfaldet i norsk natur.

Siri Lie Olsen

Siri Lie Olsen, forskar ved Norsk institutt for naturforsking, fortel at plantar frå lista om framande artar ikkje må dumpast i norsk natur.

Foto: Arnstein Staverløkk / Norsk Institutt for Naturforsking

– Det er ikkje alle hageplantar som er problematiske. Nokon av dei held seg inne i hagen og spreiar seg aldri ut i naturen. Artar ein bør passe på er dei som lever lenge og som har god evne til å spreia seg. Typiske artar er lupinar, kanadagullris og rynkerose.

Dei problematiske plantene er dei som spreier seg til naturen og er meir konkurransedyktige og utkonkurrerer dei norske artane som veks der allereie.

Sjekk hagen før du ryddar

– Det aller viktigaste for å hindre spreiing er å ikkje dumpe hageavfall i naturen. Ta med avfallet til eit godkjent mottak. Me ser at der hageavfall blir dumpa på utsida av gjerde, der etablerer dei framande artane seg, fortel Olsen.

Når du skal i gang med å rydde hagen er det lurt å sjekke lista for framande artar.

Marianne Hoen

Lindum i Drammen er ein av fleire miljøstasjonar som skil framande planter frå hageavfallet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Om du ser at du har slike planter i hagen er det viktig å putte dei rett i lukka sekker. Blir dei liggjande på graset er det fort at frøa spreier seg, fortel kommunikasjonssjef i Renovasjonsselskapet for Drammensregionen, Marianne Holen.

Her må du kjeldesortere hageavfallet

Avhengig av kvar du bur må du kanskje sortere hageavfallet ditt før du leverer det inn. Renovasjonsselskapet for Drammensregionen er eit av selskapa som har eigne konteinarar for framande planter.

– Hageavfallet me tek imot blir kompostert til produkt som kan brukast i hagar att. Me klarer ikkje å ta knekken på frøa til desse plantene på den måten, so då tek me imot dei i eigne, heilt lukka, konteinarar, seier Holen.

Inne i konteinaren med framande planter

Inne i konteinaren med framande plantar ligg dei godt pakka for å hindre spreiing.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

For å sikre at frøa ikkje spreier seg blir dei framande plantene brent.

Avfall Norge opplyser at det er to ulike metodar bedrifter for å handtere hageavfallet. Nokon tek i mot alt samla og komposterer det i høge nok temperaturar til å fjerne frøa, medan andre sorterer dei for seg og brenn dei.

Det lokale mottaket ditt informerer om sin praksis på sine nettsider. Du kan og finne miljøstasjonar i nærleiken på sortere.no.