Hopp til innhold

Skulle slanke seg - blei verdsmeister i styrkeløft

Sekstiåringen Marit Pettersen frå Drammen byrja å pumpe jarn for å komme i form og gå litt ned i vekt. Denne helga vart ho verdsmeister i styrkeløft og sette ny norsk rekord.

Marit Pettersen

– Det å løfte tungt gir ei herleg meistringskjensle. Det krev mykje trening, men eg anbefaler alle vaksne kvinner å trene styrke, seier verdsmeister Marit Pettersen.

Foto: Privat

– Det blir ikkje snakk om noko proteinshake eller kosttilskott. Eg nyt heller ein pizza og ei øl, seier den blide verdsmeisteren. For tre år sidan hadde ho knapt løfta ei vekt.

Marit Pettersen

Stolt over å ha blitt verdsmeister etter det som byrja med eit ønske om å komme i form.

Foto: Privat

Marit Pettersen ønska å komme i litt betre form og kanskje miste ein kilo eller to. Så kom ho i kontakt med Brynjulf Svorkmo, som skulle bli hennar personlege trenar. Han såg fort at det både var talet og arbeidsdisiplin i Pettersen.

– Å løfte tungt gir meistringskjensle

– Marit var friluftsmenneske, men ønska å jobbe litt med forma. Ho har ein sterk arbeidsmoral og har jobba knallhardt for suksessen, seier Svorkmo på telefon frå Finland. Det er der verdsmeisterskapen i styrkeløft blir arrangert.

Medaljer i styrkeløft

Marit Pettersen er allereie norsk mester i klassisk styrkeløft. No er ho verdsmeister i si veteranklasse.

Foto: privat

I klassa veteranar 60–69 år utklassa Marit Pettersen konkurrentane. Det blei konkurrert i tre greinar: Markløft, benkpress og knebøy. Der presterte ho 137,5 kilo, 57,5 kilo og 100 kilo. Det vart det ny norsk rekord i klassa og viktigast: Ho vart verdsmeister i sin aller første internasjonale konkurranse.

– Det å løfte tungt gir ei herleg meistringskjensle. Det krev mykje trening, men eg anbefaler alle vaksne kvinner å trene styrke. Det gir kraft og hindrar skadar, seier drammenskvinna som har som mål å auke sine personlege rekordar.

Før ho tar turen ut på byen i Finland for å feire sin førebels første internasjonale medalje. I gull.