Hopp til innhold

Fleire skogbrannar starta med bål: – Hadde ikkje trudd det var mogleg

Til trass for stadig nye påminningar og dyre bøter. Førre veke starta fleire skogbrannar ved at folk fyrte bål i ekstrem tørr skog.

Odd Ellingsen, bål

Brannmannskapa blei oppgitte og sjokkerte da dei såg at årsaka til skogbrannen etter all sannsyn var eit bål som ikkje hadde blitt sløkkja godt nok.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

– Her ser du det har brent i ein ring rundt bålplassen. Det er berre flaks at det slutta å blåse og at denne skogbrannen ikkje blei veldig stor.

Odd Ellingsen, sjef for førebyggande avdeling i Drammensregionens brannvesen, viser oss staden brannvesenet rykka ut til torsdag kveld og jobba heile natta for å sløkkje.

Speidarhytte meter frå å brenne ned

Langt inne i skogområdet, Krokskogen, på ein bålplass ved ei speidarhytte starta brannen etter all sannsyn av at turgåarar ikkje klarte å sløkkje bålet dei hadde tent opp ordentleg.

– Dei har sannsynlegvis prøvd å sløkkje bålet, men når det er så tørt som det er i bakken nå, går varmen ned under bålet og blir liggande der nede. Det kan sjå sløkt ut etter at ein har helt på vatn, men gnistane kan kome tilbake, forklarer Ellingsen.

Ettersløkkjing

Brannvesenet må ofte halde på med ettersløkking i fleire dagar når det er så tørt som nå. Denne veka blussa ein skogbrann opp igjen fleire dagar etterpå.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Han er sjokkert og forbausa over at turgåarar kan finne på å tenne opp bål midt i skogen i den situasjonen me er inne i. Brannvesen i heile Sør-Noreg har i fleire veker å nå ut med informasjon til folk gjennom alle kanalar, at ein ikkje kan vere forsiktig nok.

– Graset er som krut

Likevel har fleire skogbrannar i Buskerud denne veka starta opp av uvettig bålbrenning. Sjølv om det kan føre til store bøter og i verste fall fengsel om fylgjene av ein eventuell skogbrann blir store.

Nedbrente skog

Slik såg det ut i marka dagen etter at skogbrannen.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

– Eg hadde faktisk ikkje trudd det var mogleg. At folk kunne finne på å tenne bål nå, er nesten ikkje til å tru. Det tørre graset er nesten som krut nå, seier Ellingsen mens han viser oss graset.

Brannvesenet i Drammen, Kongsberg og Modum prøvde seg igjen i går med ei ny pressemelding. Det er tydeleg for dei at dei ikkje kan gje seg med å spreie informasjon om kor farleg det kan vere å fyre opp bål eller eingongsgrill.

Laster Twitter-innhold

– Det spreiar seg ekstremt fort nå, og det er så store verdiar som står på spel. Båltenning som her er straffbart og hadde det skjedd nokre timar seinare kunne det tatt lang tid før me fekk beskjed og fekk starta sløkkearbeidet.

Brannfly

Skogbrannen var ved Huldretjern ved Sollihøgda i Krokskogen. Eit utilgjengeleg og kupert område utan stor ferdsel.

Foto: Drammenregionens brannvesen