Hopp til innhold

Skogbrann i Flå

Brannvesenet har byrja å få kontroll på skogbrannen ved Austvollnatten i Flå. Helikopter vart kalla inn for å få oversikt over brannen.

Skogbrann i Flå

16 brannfolk og fleire frivillige jobbar torsdag kveld med å få kontroll på skogbrannen i Flå.

Foto: Thomas Mørch

Brannsentralen Vestviken 110 melde rett før klokka 17 torsdag om kraftig røykutvikling i det kuperte terrenget ved Austvollnatten i Flå.

Brannmannskap kom ein time seinare fram til området som står i brann.

– Eit helikopter er no rekvirert for å få oversikt over brannen, seier Glenn Espen Kustner, vaktsjef ved Vestviken 110-sentralen i 20-tida.

Både brannmannskap og frivillige deltar

16 brannfolk, med hjelp frå fleire frivillige, jobbar med å avgrense brannen frå fleire kantar.

– Det er vanskeleg å få oversikt over heile brannområdet. Nokre plassar ligg det snø i skuggesidene i terrenget, og der vil brannen slokne av seg sjølv, seier Kustner.

Ifølge politiet i nordre Buskerud skal det dreie seg om eit område som strekk seg over fleire hundre meter.

– Politihelikopteret har sveipa over brannområdet og brannvesenet melder no at dei har tilnærma kontroll, seier operasjonsleiar Jarle Hopperstad i politiet seint torsdag kveld.

Mange forbipasserande, som ser den kraftige røykutviklinga frå riksveg 7, ringer til brannsentralen Vestviken 110.

Sentralen ber om at publikum ikkje tek kontakt om røykutviklinga i området, slik dei får konsentrert seg om å koordinere sløkkearbeidet på staden.

Skogbrann Flå