Hopp til innhold

Skjerpar reglane for å unngå allergisjokk

Mattilsynet kjem til å følge opp etestadane nøye framover, etter at nye krav til allergimerking er innførte. Ein 12-åring vart alvorleg sjuk etter å ha spist brød som inneheldt nøtter på eit hotell på Geilo.

Dr. Holms Hotell

Leiinga ved Dr. Holms Hotell på Geilo beklagar at umerka brød blei sett på bordet, slik ein 12-åring måtte til sjukehus med allergisjokk.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Brødet som 12-åringen åt, skulle ha vore skriftleg merka med åtvaring om allergena. Det krev ei ny forskrift frå desember 2014. Allergen er ingrediensar som kan framkalle allergi. Ein 12-åring måtte sendast på sjukehus med allergisjokk i februar i år etter å ha spist nøttebrød.

Beklagar at brødet ikkje var merka

Hotelldirektør Gro Odden ved Dr. Holms Hotell beklagar at maten ikkje var merka.

Fine brød og grove brød

Det er ikkje så lett å sjå om brød inneheld allergen, det vil seie ingrediensar som kan framkalle allergiske reaksjonar.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen

– Vi har fått strenge krav om å merke all mat, men i dette høvet var det ein kurv med brød som vart sett ut framfor gjesten. Vi gav dessverre ikkje beskjed om at det kunne innehalde nøtter, seier Odden.

Må merke alt

Seniorinspektør i Mattilsynet i Hallingdal, Hilde Frølich, seier at kravet om skriftleg merking er ganske nytt, så myndigheitene har ikkje full oversikt over korleis reiselivsbedriftene har fylgd opp dette.

– Kravet er akkurat sett i verk, så vi har ikkje full oversikt over korleis spisestadane gjennomfører regelverket. Nå har bransjeorganisasjonane sjølve vore på banen og spreier informasjon. Vi kjem til å ha fokus på merking av allergen framover, seier ho.

Har endra rutinane

Hotelldirektøren seier at hotellet no har gjort sitt yttarste for å følgje reglane om skriftleg merking av mat som har spor etter allergen. Alt av matvarer som er pålagt skriftleg merking, skal merkast.

– Vi har merka alt frå frukostservering til kveldsbufear, restaurantmenyar og meir til – med informasjon om dei fjorten allergena vi har plikt til å opplyse om, seier ho.