Hopp til innhold

Skiltar naturen

No står den omfattande skiltinga i den frå før særs uframkommelege Nes – Østmark i Hallingdal ferdig. No finn folk stiane.

Skiltprosjektet i Nes

Rydding av kratt, tydeleg merking og informasjonstavler skal gjere det lettare for folk som ikkje er lokalkjente å finne fram i Nes Østmark i Hallingdal.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

150.000 kroner og fleire tusen dugnadstimar frå hyttefolket har resultert i ein oversiktleg sti- og løypestruktur i området. Også ei gjennomgåande løype frå Gol til Vassfaret er merka og rydda.

Ei av eldsjelene bak skiltinga, Liv Marit Engene, var å finne i marka i går.

– Vi søkte om midlar for å rydde terrenget, merke og få opp skilt. det har gjort området mykje meir attraktivt. Vi ser allereie at det har kome fleire folk ut i terrenget, fortel ho.

Liv Marit Engene og Osmund Ueland

Liv Marit Engene og Osmund Ueland er særs nøgde med dugnadsinnsatsen frå hyttefolket.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Osmund Ueland er hytteeigar i Nes Østmark. Han har vore ein viktig pådrivar til Skiltprosjektet som han meiner er eit pilotprosjekt for andre kommunar. For etter at alle skilta kjem opp vil langt fleire bruke marka, både sommar og vinter, meiner Ueland.

– Dette gjer at ungdommen vil bruke fjellet. Det blir tryggare å finne fram, og hyttefolket stiller opp fordi dei trur på prosjektet. Dei har lagt inn 2000 dugnadstimar så langt, seier Ueland.

Gjer det lettare for turgåarane

Det er 110 hytteeigarar i området, og nær alle er medlemmar i foreininga som står bak skiltinga.

– Ingen andre kan vise til så høge medlemstal, og det er fordi hytteeigarane ser at det skjer noko konkret i marka, seier Ueland.

På vinteren blir det merka og køyrt opp eventyrløype, som blir ein del av ei gjennomgåande løype frå Vassfaret til Gol.

– Alle er hjarteleg velkomne til området, og no er det berre å kike på dei nye informasjonstavlene for å få tips til fine turar, seier Liv Marit Engene