NRK Meny
Normal

Skiføre blir borte – men framleis håp for kvit jul

Mildvêret som kjem vil øydelegge det som er av skiføre i lågareliggande strøk i store delar av landet. – Det blir brunt, grønt og svart, seier meteorologen.

Skiføre

Skiløypene i lågareliggande strøk i store delar av landet forsvinn truleg med mildvêret. Her frå Krokskogen i Oslo denne veka.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Den siste veka har skiglade i Austlandsområdet kunne tatt sesongens fyrste skiturar i bynære strøk.

Mange kilometer med løyper har blitt køyrd opp fleire stader, og folk har delt bilete av vinteridyll og skiløyper.

Laster Instagram-innhold

Nok mildvêr til at snøen smeltar

Regnet og mildvêret som kjem onsdag og torsdag vil øydelegge det som er av skispor.

– Snøen vil forsvinne i lågareliggande strøk. Det blir brunt, grønt og svart asfalt til helga, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Bjart Eriksen.

Også i Trøndelag kan snøen kome til å forsvinne, mens i Nord-Noreg vil skiføre overleve.

– I Trondheim er det snø i områda rundt nå, men truleg vil snøen her også forsvinne. I Nord-Noreg vil snøen overleve fleire stader, men for eksempel ytst på kysten av Nordland er det ikkje snø, oppdaterer statsmeteorolog, Kristian Gislefoss onsdag morgon.

På Vestlandet er snøen alt borte i låglandet etter alt regnet som har kome dei siste dagane.

Sjølv om kulda kjem tilbake til helga vil det hjelpe lite på skiforholda.

– Dette er eit forbigåande mildvêr, men det er nok til at snøen kjem til å smelte mange stader, seier Gislefoss.

Han trøystar skiglade med at skiføre på fjellet vil halde seg til kulda er tilbake, og tipsar om nettsida senorge.no som du til ein kvar tid kan sjå kor det ligg snø i heile landet.

Snøgrense over 1000 meter

Nedbøren som blei varsla frå tysdag ettermiddag blei nokre timar utsett, men starta natt til onsdag.

Det skal halde på til ettermiddagen, før mildvêret for alvor set inn på torsdag. Da kan snøgrensa bli så høg som opp mot 1000–1200 meter.

– Snøgrensa vil gå oppover, men nedbøren kan komme som våt snø på fjellet. Der kan skiføre halde seg, men i området mellom 400–600 meter kan det bli tynt, seier Bjart Eriksen.

Bilistar må også passe seg for glatte vegar onsdag morgon.

– Vestover frå Drammen kan det bli veldig glatt, spesielt på sidevegane.

Kvit jul?

Med 18 dagar igjen til jul er nok mange redde for at snøen som forsvinn nå, vil gjere det grønt også i jula. Minusgradene kjem tilbake til helga og meteorologen gjev eit lite håp om at det kan bli kvitt også i lågareliggande strøk neste veke.

– Det er usikkert, men det ser ut som det kan vere moglegheiter for eit lett dryss på måndag og meir snø på torsdag. Det er framleis håp for kvit jul, konstaterer Eriksen.

Laster Instagram-innhold