Hopp til innhold

Skeptisk til hyttebygging

Knut Fausko og John Wøllo i Hemsedal vil selje hyttetomter og bruke pengane på å ruste opp gardane sine, skriv Hallingdølen.

Hytte i Hemsedal

Hemsedal kommune er skeptisk til en hytteplan i regi av to bønder i bygda (ill.foto)

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

Men Hemsedal kommune er førebels noko skeptisk til hytteplanene til dei to bøndene i bygda.

Det omsøkte hyttefeltet ligg på delar av stølseigedommane på Muren og Brandvollstølen i Grøndalen.

Grunneigarane Knut Fausko og John Wøllo har sendt ein førespurnad til kommunen for å høyre om det er grunnlag for å utarbeide ein reguleringsplan for området.

Pengar frå eit eventuelt sal av tomter vil dei bruke på utvikle Fausko skysstasjon og garden Brandvoll Søre. På Fausko ønskjer dei å byggje gjesterom og kultursal. Det er også aktuelt å setje i gang produksjon av økologisk kjøtt frå ammekyr.

Administrasjonen i Hemsedal kommune frårår at det blir utarbeidd ein reguleringsplan.

Dette fordi området pr. i dag er eit landbruks-, natur- og fritidsområde, der det ikkje er lov å setje opp nye bygg. Samstundes er kommunen i startgropa for å vurdere hyttepolitikken, og forslaget frå Fausko og Wøllo blir sendt til kommuneplannemnda som eit innspel i samband med revidering av kommuneplanen.

Saka skal opp i hovudutvalet for plan og ressurs i Hemsedal torsdag 17. april.